Løyver midlar til å planleggje flaumsikring
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil dekke 90 prosent av kostnadene knytt til å planleggje og prosjektere flaumsikringstiltak på Byrkjelo.
Det opplyser overingeniør Kristoffer Grane i eit brev til Gloppen kommune.
Kan bli råka av 200-årsflaum
I samband med utarbeiding av kommunedelplan for E39 Byrkjelo-Grodås, vart det laga flaum- og vasslinjeberekning av SWECO AS. Modellen viser at store deler av Byrkjelo sentrum kan bli råka av ein 200-årsflaum.
Området dekkjer om lag 30 bustader, Europaveg 39, brannstasjon, vassinntak til Tine Meieriet Byrkjelo, avløpsreinseanlegg, bensinstasjon, butikkar, skule og campingplass. Faresonene er implementerte i kommunen sin arealplan som vart vedteken i juni 2023.
Maksimalt 1,35 millionar
Svært store delar av Gloppen er utsette for naturfare, og kommunen må gjere strenge prioriteringar knytt til kvar ein gjennomfører tiltak. Byrkjelo er trekt fram som eitt av dei viktigaste områda fordi flaum vil ha spesielt store konsekvensar for verdiar og regional beredskap.
Å utarbeide forprosjekt og detaljprosjektering for flaumsikring er kostnadsrekna til 1,5 millionar kroner utan moms. NVE vil maksimalt løyve 1,35 millionar kroner, eks. moms. Kostnad til meirverdiavgift og administrasjon skal ikkje inngå i tilskotsgrunnlaget, heiter det i vedtaket til direktoratet.
- Høg nytteverdi
- Tiltaket har høg nytteverdi i høve til kostnadene, og vi legg særleg vekt på at tiltaket vil gje auka tryggleik for mange menneske. Eit for- og deltaljprosjekt vil danne eit godt grunnlag for å gjennomføre sikringstiltak på eit seinare tidspunkt, skriv Grane.
Kommunen skal dekkje 10 prosent av kostnadene ved tiltaket. Det følgjer av forskrift om naturfaretilskot.