Lotto-trekningane forsvinn frå NRK
Lotto-trekninga forsvinn frå NRK, 40 år etter oppstarten. Siste TV-sending blir i april.
Det melder NRK sjølv. Det var Kampanje som omtalte saka først. Siste sending blir 11. april.
– Tida er rett for å gjere dette grepet. Publikum har endra medievanar, og vi ønskjer å prioritere anna innhald, seier TV-sjef Jan Egil Ådland i NRK.
NRK og Norsk Tipping beskriv avgjerda som eit naturleg steg i ein mediekvardag som har endra seg stort sidan premieren i 1986.
Vurderer nye løysingar
Lottotrekningane held fram, men altså ikkje på NRK. Norsk Tipping vil jobbe med ny løysing for formidling etter 2026.
Selskapet påpeikar at dei aller fleste kundane i dag følgjer trekninga digitalt.
– Dette gir oss høve til å utvikle nye måtar å formidle resultata på, og sjølv om det er vemodig å avslutte ein lang tradisjon, blir nye dører opna, seier Roger Soleim, som er direktør for kundemøte i Norsk Tipping, til NRK.
Norsk Tipping i motbakke
Norsk Tipping har det siste året stått i hardt vêr. Feil på feil har vorte avdekt, mellom anna fekk tusenvis av nordmenn feilaktig beskjed om at dei hadde vorte millionærar. Det heile har resultert i bøter, eller varsel om bøter, på totalt 119,5 millionar kroner.
I desember vart også eit stort gruppesøksmål mot selskapet starta. Bakteppet er feil i trekninga av den nasjonale Eurojackpot-millionen og i trekkingsmotoren til Supertrekninga i Lotto. Lotteritilsynet har slått fast at Norsk Tipping har trekt feil vinnarar i ti år. Det resulterte i ei bot på 46 millionar kroner.
Før jul fekk selskapet også totalslakt i ei ekstern gransking utført av konsulentselskapet KPMG, som avslørt alvorlege feil og manglar. Mellom anna vart fråverande leiing og mangel på teknologisk kompetanse trekt fram. To månader tidlegare kom også ein kritisk rapport frå PWC.