Kyrkjeklokkene i heile landet ringer klokka 12
Kyrkjeklokkene vil frå klokka 12 til 13 ringe i kyrkjer landet rundt for å minnast kong Harald V, som gjekk bort fredag.
– Dette er ein dag for sorg, for oss som folk og nasjon. Samtidig kjenner vi på takksemd. Sorga er også fylt med ein djup og inderleg takk over alt kong Harald har vore for oss alle gjennom heile livet sitt. Vi ber om Guds nærvær og omsorg for alle som no sørgjer, seier preses Olav Fykse Tveit, som er leiande biskop i Den norske kyrkja.
– Kyrkjeklokkene minner oss om Guds nærvær på jorda, og håpa om eit liv etter døden, seier han vidare.
Annonse
Ringinga skjer i same mønster som etter kong Olavs bortgang i 1991. Det er vedteke i samråd med Det kongelege hoffet og regjeringa, opplyser Den norske kyrkja. (©NPK)