Kyrkja blir open
Sandane kyrkje vil bli open frå klokka 18:00 torsdag 25. juni i samband med at Thomas Niiranen Hamre (24) er sakna etter ei båtkantring i Breim natt til søndag.
- Alle som har behov for ei felles stund kan kome, ungdom som vaksne. Her er det rom for å møtast og vere saman i ei krevjande tid. Gloppen kommune sitt psykososiale kriseteam er til stades, opplyser kommunen på heimesidene sine.