Kritikk mot planar for Selja kloster
Planane om å etablere eit pilegrimssenter i Selje har skapt usemje, der kritikarar fryktar at kommersielle interesser vil gå ut over den åndelege verdien av Selja kloster.
Bakgrunnen er eit vedtak om å gjere Selje i Stad kommune til eit regionalt pilegrimssenter, med ambisjon om å styrkje kystpilegrimssatsinga.
Nokre meiner dette kan gjere klosteret på øya Selja til ein turistattraksjon framfor ein stad for ro og ettertanke, skriv NRK.
– Når det kommersielle kjem inn i det åndelege rom, så taper det åndelege, seier Eivind Luthen, leiar i Pilegrimsfellesskapet St. Jakob og forfattar av boka " Selja – Sunnivakulten og pilegrimsmålet".
Også biskopen i Bjørgvin reagerer på språkbruken i ei konsulentvurdering, der klosteret blir omtalt som eit «produkt» med eit eige kundesegment.
– Det er pinleg, og avslører at konsulentselskapet har lite forståing for kva kloster- og pilegrimstradisjonen står for, seier biskop Halvor Nordhaug til NRK.
Samtidig avviser lokale styresmakter kritikken og peikar på at satsinga er del av ei nasjonal utvikling. (©NPK)