Store materielle skadar etter brann i leilegheitsbygg i Måløy
Tre–fire leilegheiter i eit fleirbruksbygg i Måløy fekk skadar då det braut ut brann tysdag. Det er usikkert når dei evakuerte kan vende tilbake.
Meldinga om brannen kom klokka 9.09 tysdag, opplyser politiet. Meldinga gjekk ut på at det var brann med opne flammar i toppetasjen i eit leilegheitshus.
Ifølgje operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt evakuerte folk bygningen på eiga hand før patruljen til politiet kom. Rundt klokka 10.20 melde politiet at flammane var slått ned og at det ikkje var fare for spreiing. Like etter klokka 12 melde politiet at sløkkingsarbeidet framleis går føre seg.
– Det er eit bygg som består av snikkarverkstad i kjellaren, kiropraktor/fysioterapeut i første etasje og leilegheiter i dei øvste etasjane. Det skal ha brunne i tre til fire leilegheiter, opplyser operasjonsleiaren.
På grunn av sløkkjearbeidet er det mykje vatn i heile bygget, og Dahl-Michelsen seier det er usikker når dei evakuerte kan vende tilbake.
Det er ikkje meldt om skadde. Årsaka til brannen er så langt ikkje kjend.(©NPK)