Han får Nynorsk litteraturpris 2025
Forfattaren Leander Djønne får Nynorsk litteraturpris 2025 for romanen Alt et, som er gjeven ut på Forlaget Oktober. Prisen er på 50 000 kroner.
Prisen blir delt ut under opninga av landsmøtet i Noregs Mållag på Gardermoen fredag 24. april.
«Å lese årets vinnarroman er som å sjå ei ulukke utspele seg line for line på papiret. Det er ikkje mogeleg å ta augo vekk eller late dei att», skriv juryen i grunngjevinga.
Eit språk som dreg lesaren med
Juryen løftar særleg fram korleis språket i romanen driv lesaren vidare: – «Det er språket som ber deg vidare, dreg deg med inn i elendet», heiter det.
Juryen meiner òg at romanen peikar seg ut i ei tid der den nynorske romanen står sterkt: – « Alt et er eit høgdepunkt trass i at den nynorske romanen står sterkare enn på lang tid.»
Nyskapande nynorsk og uredd utforsking
I grunngjevinga blir Djønne skildra som ein forfattar med ein tydeleg språkleg identitet, som tek i bruk sider av nynorsken ein sjeldan ser i kvardagen.
«Det er knapt og det er malmfullt», skriv juryen, og peikar på at han nyttar «det tidlause og det lyriske» til å skape tolkingsrom i teksten.
Juryen framhevar også at Djønne er uredd i tematikken: «Djønne er uredd når han utforskar vondskapen og det dyriske i oss» , heiter det.
Nynorsk litteraturpris har vore delt ut sidan 1982. Bak prisen står Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget. Årets jury har bestått av Magne Julin Vik-Mo, Siri Løkholm Ramberg og Elisabeth Jensen Lombnæs. (©NPK)