Ulf Ekelund er professor ved Institutt i idrettsmedisinske fag ved Noregs idrettshøgskole.

Korte gåturar og mindre stillesitjing gir lågare dødsrisiko

Å gå fem minutt ekstra kvar dag eller å redusere stillesitjinga med ein halvtime kvar dag, reduserer sjansen for dødsfall blant dei fleste vaksne, viser ny forsking frå Noregs idrettshøgskole (NIH).

Publisert

Studien, som er publisert i det prestisjetunge medisinske tidsskriftet «The Lancet», analyserte aktivitetsnivået til meir enn 135.000 vaksne i Noreg, Sverige, Storbritannia og USA.

– Resultata våre viser at små endringar i fysisk aktivitet kan bety mykje for folkehelsa og spesielt for dei som er fysisk inaktive, seier professor Ulf Ekelund ved Institutt for idrettsmedisinske fag ved NIH, som er ein av forskarane bak studien.

Han og forskargruppa observerte at den største fordelen fekk dei 20 prosent minst aktive når dei auka aktiviteten sin med fem minutt per dag. Forskinga viser at moderat fysisk aktivitet, som å gå i eit jamt tempo på fem kilometer i timen fem minutt ekstra kvar dag, til dømes å auke moderat aktivitet frå to til sju minutt kvar dag, er knytt til ein reduksjon i dødsrisikoen på ti prosent.

Generelt får vaksne i studien effekt av rundt 28 minutt med aktivitet med moderat intensitet kvar dag.

For dei 20 prosent minst aktive av deltakarane kan redusere seks prosent av alle dødsfall, går det fram av rapporten. Det kjem fram av studien at det å redusere stillesitjinga med 30 minutt kvar dag gir sju prosent lågare sannsyn for dødsfall.

Tidlegare forsking har tyda på moderat til sterk aktivitet har god effekt, men også at lett fysisk aktivitet har ein verknad. Det nye no er at den samla effekten av desse relativt små endringane på fysisk aktivitetsnivå ikkje har blitt studert tidlegare, heiter det i ei pressemelding frå NIH. (©NPK)

Powered by Labrador CMS