Her frå fjorårets bagasjeromsloppis i Øvregata.

Kjøp lopper rett frå bagasjerommet!

Mange har ting og tang ståande som husefyll frå rydding av buer, garasjar eller hus. På Sandanedagane er det ein sjanse til å bli kvitt dei og til og med tene nokre kroner, noko som igjen kan bety gode kjøp for andre.

Det betyr at det også i år, på laurdag,  vert bagasjeromsloppis i Skarsteinstunet. Her kan ein selje loppene rett frå bagasjerommet i bilen, eit bord eller eit teppe på bakken.

- Det var ein suksess i fjor. No kjenner folk meir til det, så interessa vil sikkert berre auke, seier Vegar Sårheim i Sandanedagane.

Ein sosial og kjekk måte å bli kvitt ting på, og ein fin plass å gjere eit lite kupp for den som hadde bruk for akkurat den tingen.

Plassen er avgrensa, så her må ein melde seg til arrangøren på førehand.

Så må vi også legge til at det på same tid og stad vert juniormarknad i Øvregata.

Powered by Labrador CMS