Helsemålet til Vestre for 2030: Kortare ventetider og friskare folk
Helseminister Jan Christian Vestre legg fram tre helsemål for 2030 – kortare ventetid, betre arbeidsdagar for helsepersonell og ei friskare befolkning.
– «Vår helse 2030» er målsetjinga vår for korleis Helse-Noreg skal utviklast framover mot 2030. Dette skal gjennomsyre alt vi gjer. Vi set ambisiøse mål, og vi skal gjere opp status kvart år framover, seier Vestre (Ap) i ei pressemelding.
Han heldt tysdag den årlege helsetalen, denne gongen på nye Drammen sjukehus.
Tre helsemål
Vestre la fram tre mål fram mot 2030:
* Ein samanhengande helse- og omsorgsteneste tilpassa kvardagen til folk, med korte ventetider, digitale løysingar og meir valfridom.
* Ein berekraftig helse- og omsorgsteneste der helsepersonell får bruke meir av tida si på pasientar og eldre, og der fagfolk opplever tillit, meistring og eigarskap.
* Ei friskare befolkning og betre beredskap.
– Under kvart av desse områda og som ein del av planen for Noreg, skal vi jobbe med ei rekke konkrete prosjekt, seier Vestre.
Han viser til ei ny helsereform, helsepersonellplan, raskare helsehjelp, eldreløftet til regjeringa, som mellom anna omfattar fleire heildøgns omsorgsplassar, og innsats for å få befolkninga friskare.
– Folk vil merke desse endringane i kvardagen, seier Vestre.
Ingen kasteballar
Ingen skal bli kasteballar mellom kommunen og spesialisthelsetenesta, lovar helseministeren.
I tillegg skal ventetidene for vidare utgreiing og behandling markant ned, fritt sjukehusval skal styrkjast, og Noreg skal bli leiande på digitalisering.
Helseberedskapen skal dessutan styrkjast, og samarbeidet med EU blir viktigare.
– Vi står no midt i den mest utfordrande tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen, og helse- og omsorgstenestene våre må vere førebudde på både sannsynlege og usannsynlege scenario. God helseberedskap er avgjerande for å skape tryggleik for framtida, seier Vestre.
Oppfølging for gravide
Ein del av endringane som kjem, dreier seg om gravide og fødselsomsorga.
Eit ønske frå mange gravide er at same jordmor følgjer kvinna gjennom kontrollar i graviditeten, under fødselen og på barsel i etterkant, ifølgje Vestre.
Dette blir no testa ut i Drammen, eit prosjekt kalla Min jordmor der det same jordmorteamet følgjer kvinner gjennom heile svangerskapet, fødselen og barseltida.
– Det skal prøvast ut ein variant av dette i heile Oslo, og fleire kommunar kjem etter kvart, sa Vestre i talen sin.
Helsereformutval
Regjeringa har allereie sett ned eit helsereformutval som skal foreslå nye organiseringsmodellar for helsevesenet. Det blir leidd av tidlegare NTNU-rektor Gunnar Bovim.
– Helsereformutvalet har eit breitt mandat. Dei har fått beskjed om å tenkje utanfor boksen, og eg forventar at dei gjer det, seier helseministeren.
Vestre viser også til 14 innovasjonsprosjekt som går føre seg i ulike kommunar for å prøve ut nye modellar for samarbeid mellom kommunar og sjukehus.
– Saman med utvalet dannar dette eit breitt grunnlag for å gå til Stortinget og invitere til eit breitt samarbeid om ei helsereform som kan stå seg dei neste 25 åra, seier han.
– Mykje prat og lite handling
Høgre meiner Vestres tale er «mykje prat og lite handling».
– Det har ikkje mangla på gode intensjonar og løftebrot. Problemet er at mange av utfordringane som blir skisserte, er utfordringar som Arbeidarpartiet sjølv har skapt og som dei ikkje har klart å gjere noko med etter fire år i regjering, seier helsepolitisk talsperson Erlend Svardal Bøe til NTB. (©NPK)