Ekspertar på veg inn i ei leilegheit i Gloppen for å undersøke henne for eit potensielt svært giftig stoff.

Har ikkje påvist ricin

Representantar for bombegruppa til Oslo politidistrikt er no ferdige med undersøkingane i ei leilegheit i Gloppen der det var mistanke om at ein kunne finne det svært giftige stoffet ricin.

– Bustaden er undersøkt for å avklare om det er det farlege stoffet ricin, eller ikkje. Bombegruppa har gjort funn av organisk materiale som er eit råstoff til det som kan bli ricin, men det er ikkje sagt at det er ricin, opplyser innsatsleiar Joachim Malterud i Vest politidistrikt laurdag kveld.

Les også
Undersøkjer leilegheit

Han forklarer at funnet som er gjort er restar av kastorbønner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er ikkje godt for oss å seie no at dette er brukt til å vidareutvikle det som er ricin. Det er teke prøver som blir sende vidare til Forsvaret for skikkeleg analyse.

Husværet er avlåst og må reinsast før folk kan flytte inn.

Sperrebanda rundt eigedomen blei tekne ned i 20.30-tida laurdag kveld.

Les også
Har sperra av eigedom i Gloppen
Les også
Person i Gloppen utsett for potensielt svært giftig stoff