– Grunn til optimisme om KI på nynorsk
Nynorsk bedriftsforum seier dei har fått gode svar på innspela om manglande nynorsk i KI Noreg. Det gir grunn til optimisme, meiner organisasjonen
Direktør for KI Norge Hans Christian Holte skriv til NRK at sidene framleis er under utvikling og at dei skal bli betre. Han lovar at dei første artiklane på nynorsk kjem om kort tid.
– Vi er glade for at dette blir teke tak i, og vi opplever at det er vilje til å gjere det betre, seier dagleg leiar Monika Haanes Waagan i ei pressemelding.
KI Noreg skal hjelpe norske verksemder med å ta i bruk kunstig intelligens på ein trygg og ansvarleg måte. Haanes Waagan meiner det er ei viktig satsing, som kan vere svært nyttig for næringslivet i heile landet.
Ho reagerer likevel på at nettstaden berre vart lansert på bokmål, og at det er noko ho kjenner altfor godt frå andre digitale tilbod og satsingar.
– Vi er dessverre vane med at nynorsk kjem inn litt for seint. Derfor er det viktig at KI Norge tek tak i dette no, seier Waagan.
Nynorsk bedriftsforum har likevel tru på utviklinga vidare.
– Dette er eit godt utgangspunkt. No forventar vi at nynorsk blir ein naturleg del av arbeidet framover, og ikkje berre noko som kjem som eit minimumstiltak i etterkant. (©NPK)