Gode opplagstal for Firda Tidend: Veks mest i det gamle fjordfylket
Firda Tidend auka opplaget sitt med 146, til 3 106 første halvår i år. Lokalavisa for Gloppen og Jølster har størst vekst av avisene i Sogn og Fjordane.
Tysdag offentleggjorde Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) opplagstala for første halvår 2026.
Desse viser at Firda Tidend sitt samla opplag er 146 høgare enn på same tid i fjor.
- Takk til kvar og ein
- Det er sjølvsagt svært gledeleg og tilfredstillande å sjå at opplaget vårt aukar. Det viser at mange set pris på lokalavisa si og den jobben som blir gjort av ein liten, men hardtarbeidande stab som står på kvar einaste dag for å lage eit best mogleg produkt, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad.
Han fortel at Firda Tidend hadde ein liten tilbakegang i opplaget første halvår i fjor, hovudsakleg som følgje av tekniske utfordringar ved overgangen til nye system, og han gleder seg over at avisa han styrer no har det høgste opplagstalet sitt for årets seks første månader sidan halvårlege tal blei innførte i 2018.
- Vi er heldige som har mange svært lojale og trufaste lesarar og tingarar som gjer at vi kan ha ei lokalavis med sete på Sandane. Det er slett ikkje sjølvsagt i dagens samfunn, takk til kvar og ein som bidreg til dette, seier Gloppestad.
Konsernuavhengig
I motsetnad til den store majoriteten norske lokalaviser, er Firda Tidend ei konsernuavhengig, frittståande avis med overvekt av lokale eigarar.
- Det er kjekt å vise at det framleis går an å drive lokalavis utan å vere knytt til eit stort konsern som legg klare føringar på korleis ein skal drive. Vi styrer vår eiga avisskute frå det vi likar å omtale som det finaste avishuset i landet, smiler redaktøren og legg til at å vere konsernuavhengig ikkje vil seie at ein klarer seg heilt på eiga hand:
- Den digitale utviklinga går rasande fort, og vi er avhengige av å vere knytte opp mot eit miljø som kan levere tekniske tenester og gode system. Partnarskapen vi og kring ti andre lokalaviser har med mediekonsernet Mentor Medier, gjev oss tilgang til alt dette. Det er gledeleg og betryggande å sjå at mange av partneravisene våre òg har pen opplagsvekst, seier Gloppestad.
Opplagstal for avisene i Sogn og Fjordane
| Tittel | Første halvår 2026 | Første halvår 2025 | Endring i opplag | Prosentendring |
| Firda Tidend | 3 106 | 2 960 | 146 | +4.93 % |
| Fjordabladet | 3 402 | 3 348 | 54 | +1.61 % |
| Fjordingen | 3 818 | 3 820 | -2 | -0.05 % |
| Fjordenes Tidende | 4 505 | 4 498 | 7 | +0.16 % |
| Firda | 10 734 | 10 773 | -39 | -0.36 % |
| Firdaposten | 4 746 | 4 666 | 80 | +1.71 % |
| Sogn Avis | 9 424 | 9 299 | 125 | +1.34 % |
| Ytre Sogn Avis | 1 199 | 1 196 | 3 | +0.25 % |
| Porten.no | 2 053 | 2 024 | 29 | +1.43 % |
Dei fleste går fram
Lokalavisene i gamle Sogn og Fjordane fylke kan jamt over vise til svært stabile opplagstal.
I Nordfjord har Fjordabladet og Fjordenes Tidende ein liten vekst, medan Fjordingen har marginal tilbakegang.
I Sunnfjord går Firda litt tilbake, Firdaposten litt fram.
I Sogn har både Sogn Avis, Ytre Sogn Avis og Porten.no vekst i opplaget sitt første halvår 2026 samanlikna med same periode i fjor.
- Bidreg til betre lokaldemokrati
Dei ferske tala viser at lokalavisene framleis står sterkt landet over. Den totale opplagsveksten for dei 130 medlemsavisene i Landslaget for lokalaviser er på over to prosent. Dette gleder naturlegvis generalsekretær Tomas Bruvik.
– Lokalavisene byr på truverdig, redaktørstyrt og lokal journalistikk som engasjerer folk. Dei nye opplagstala viser at folk set stor pris på jobben som lokalavisene gjer, seier Bruvik i ei pressemelding.
I høve LLA sitt 50-årsjubileum, er 2026 «Lokalavisåret». Dette blir mellom anna markert på eit arrangement på Eidsvoll i oktober, der ytringsfridomen blei grunnlovsfesta i mai 1814.
– I lys av den urolege verda vi lever i, med til dels hatefull debatt i sosiale medium, er det all grunn til å slå ring rundt ytringsfridomen og lokalavisene sine bidrag til ein sunn debatt og lokalt engasjement. Lokalavisene bidreg til eit betre lokaldemokrati, seier generalsekretæren.