Frp-leiar Sylvi Listhaug i Spørjetimen i Stortinget nyleg.

Frp snusar på 30-talet i måling – Høgre fell

Frp går fram 0,8 prosentpoeng til 29,9 prosent på maimålinga til Altinget og ABC Nyheter. Høgre fell 2,2 prosent til 16,8 prosent.

Publisert Sist oppdatert

Målinga er gjennomført av Opinion.

Viss meiningsmålinga til ABC Nyheter og Altinget hadde vore valresultat, ville dei to partia ha fått fleirtal, med 85 stortingsmandat.

Arbeidarpartiet går mest fram. Oppslutninga på 22,4 prosent utgjer ein oppgang på 2,9 prosentpoeng.

For dei andre partia er oppslutninga som følgjer (med endring frå førre måling i parentes): Raudt 7,4 (+1,2), SV 5,1 (-0,6), MDG 3,3 (-1,3), Sp 4,9 (-1,0), Venstre 2,7 (-0,9), KrF 4,3 (+1,3) og andre 3,3 (-0,1).

Målinga er basert på 1001 telefonintervju i perioden 18.–25. mai. Feilmarginen ligg mellom 1,0 og 3,1 prosentpoeng og er størst for dei største partia. (©NPK)

Powered by Labrador CMS