Fleirtal seier nei til VM-skjenking
Eit fleirtal av befolkninga seier nei til forslaget om utvida skjenketid under fotball-VM.
49 prosent er heilt eller delvis usamde i å opne for skjenking til klokka 06, medan 42 prosent er heilt eller delvis samde, ifølgje ei måling Respons Analyse har gjort for Aftenposten. Forskjellen er statistisk signifikant.
Mímir Kristjánsson i Raudt er glad i både øl og fotball, men kritisk til nattskjenking i 30 dagar fordi Noreg skal spele éin kamp i gruppespelet som sluttar etter dagens skjenkestopp.
– Eg trur det som har gått gale her, er at ein har trudd at dette skulle vere ei kjempepopulær sak, og så viser det seg at det ikkje eingong er populært. Og om det ikkje eingong er populært, kva står då igjen av argumentasjonen for, eigentleg, seier Raudt-profilen.
Kvinner er meir skeptiske enn menn, medan personar under 35 år er mest positive. I andre aldersgrupper er det fleirtal mot forslaget.
Målinga er gjennomført mellom 18. og 25. mars og omfattar 1000 respondentar. (©NPK)