Politiet si bombegruppe på veg til leilegheita der det var mistanke om at ei kvinne kunne ha blitt utsett for ricin.

Fann ikkje ricin – saka er lagt vekk

Analyseresultata frå Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI) etter den mykje omtala ricin-saka i Gloppen i slutten av februar, er klare.

Les også
Undersøkjer leilegheit

Det blei ikkje gjort funn av det potensielt svært farlege stoffet.

– Vi skil mellom kastorbønneforgifting og ricinforgiftning. I vårt tilfelle er det ei kastorbønnesak. Det er ikkje noko som tyder på at sikta har prøvd å utvinne rein ricin frå kastorbønner. Gifta er godt kapsla inn i bønnene og kan ikkje takast opp gjennom intakt hud. Sikta har ikkje utsett seg sjølv for spesiell fare gjennom handlinga si. Farepotensialet for andre var såleis også svært lågt, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding og slår fast at straffesaka er lagt vekk som ikkje noko straffbart forhold bevist.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Har ikkje påvist ricin
Les også
Har sperra av eigedom i Gloppen
Les også
Person i Gloppen utsett for potensielt svært giftig stoff