Person i Gloppen utsett for potensielt svært giftig stoff

Politiet fekk klokka 08:35 laurdag melding om at ein person i Gloppen er utsett for stoffet ricin.

– Dette er eit stoff som ved rett tilverkingsmåte er svært potent og giftig, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Personen er teken hand om av helsepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vedkomande si leilegheit er sperra av og vil bli vidare handtert med bistand av politiets Nasjonale beredskapsressursar. Det er ikkje fare for øvrig befolkning, heiter det i pressemeldinga.

Det vil bli oppretta sak som blir vidare etterforska av Sunnfjord politistasjonsdistrikt.

– Vi fekk melding omtrent klokka 08.30 om at ei kvinne moglegvis var utsett for stoffet. Det er eit stoff som kan utviklast via nokre spesielle frø eller bønner, som om det blir gjort på rett måte er svært giftig, seier operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad i Vest politidistrikt til VG.

Kvinna si skadegrad er ukjend. Ho er på sjukehus, og skal ha vore ved bevisstheit, opplyser operasjonsleiaren.

Ifølgje Wikipedia er ricin eit naturleg protein frå bønnene av oljeplanten kristpalme. Forma kan vere væske, pulver eller krystallar uten spesiell smak. Gifta er årsak til indre blødingar og øydelagde organ. Viss gifta blir innteken, utviklar offeret symptom som kvalme, oppkast og blodig diaré. Offeret dør av organsvikt etter nokre dagar. Blir gifta pusta inn, dør ein fordi andedrettet blir lammat. Gifta kan påvisast på staden, men ikkje sporast i offeret.