Politiet har hengt opp sperreband rundt den aktuelle eigedomen.

Har sperra av eigedom i Gloppen

Politiet har sperra av ein eigedom i Gloppen etter melding om at det potensielt svært giftige stoffet ricin kan vere der.

Det var i halv ni-tida laurdag morgon politiet mottok melding om at ein person kan ha blitt utsett for dette stoffet. Vedkomande er send til sjukehus.

Les også
Kvinne i Gloppen utsett for potensielt svært giftig stoff

– Det kan ha vore eit stoff som heiter ricin på denne eigedomen. Det har vore eit arbeid for å kartlegge om det faktisk har vore det, og i så fall i kva omfang og styrkegrad. Per no er eigedomen avsperra. Om eit par timar kjem bistand frå bombegruppa i Oslo politidistrikt, opplyser innsatsleiar Joachim Malterud i Vest politidistrikt til Firda Tidend i 12-tida laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innsatsleiar Joachim Malterud.

Ekspertane frå Oslo vil ta seg inn på eigedomen og gjere sine undersøkingar.

– Potensielt kan ricin vere veldig giftig. I dette tilfellet veit vi ikkje styrkeforhold eller om det i det heile er dette stoffet. Per no arbeider vi som om det er eit farleg stoff inne i huset, seier Malterud.

Helsepersonell og brannmannskap har reist frå staden, berre politi er att.

– Eigedomen er avsperra, livet utanfor eigedomen går som normalt, konstaterer innsatsleiaren.