– Gloppen KrF er heilt klar på at Firda må ha dette tilbodet

Gloppen KrF har levert høyringssuttale i saka om ny tilbodsstruktur i vidaregåande skule.

Her kan du lese høyringsuttalen frå Gloppen KrF til Vestland fylkeskommune:

1. Langt over halvparten av Gloppen-ungdommane må reise ut av kommunen for å gå på vidaregåande skule

Sandane har vore ein av dei store skulestadane i Sogn og Fjordane og tidlegare i landssamanheng. For kort tid sidan fekk Firda vidaregåande skule tildelt dronning Sonjas skulepris for inkluderande skule og fram ifrå skuledrift. Dronninga si oppmoding var sjå til Firda vidaregåande skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass i dette må over halvparten av årskulla i Gloppen reise ut av kommunen for å få vidaregåande opplæring. Dette er fordi Firda er ein av dei få skulane som ikkje tilbyr yrkesretta opplæring. Såleis bidrar Gloppen kvart år med å sende svært mange ungdomar til andre vidaregåande skular i Vestland fylke.

2. Studiespesialiserande utdanning må liggje på Firda

Frå skuleadministrasjonen i Vestland fylkeskommune er det gjort framlegg om å ta bort studiespesialiserande utdanning frå Firda. Gloppen KrF er heilt klar på at Firda må ha dette tilbodet om det skal fungere som ein fullverdig vidaregåande skule. Sidan skulen ikkje har yrkesretta utdanningstilbod, vil ei flytting av studiespesialiserande også medføre at både dei som vil ta yrkesutdanning og dei som vil ta den meir teoretiske utdanninga gjennom studiespesialiserande må ut av kommunen. Dette kan ikkje Gloppen KrF godta. Skulen set då at med to tilbod innan musikk/dans/ drama (MDD) og idrett. Ikkje for å snakke ned desse utdanningane, men det er ikkje for alle å studere musikk eller å drive med idrett. I tillegg har desse utdanningane eit stort opptaksområde, som tilseier at gloppenungdomen må konkurrere om opptak med mange elevar frå andre område i Vestland fylke.

Vi fryktar at om dette skulle bli sluttresultatet, er det starten på ei avvikling av denne anerkjente skulen i Vestland fylke

3. Studiespesialiserande er viktig for kvaliteten til dei studieførebuande tilboda MDD og idrett

Musikk/ dans/drama (MDD) og idrett er begge studieførebuande utdanningar som drar stor nytte av at Firda også har studiespesialiserande utdanning. Konsekvensar ved å ta bort studiespesialiserande er:

‘ Tilbodet til elevane på idrett og MDD blir svekt

-Fellesfag språk – minus 2 fag

-Fellesfag matematikk – minus 2 grupper

-Tilbod om programfag matematikk R1 blir vanskeleg å få til

Artikkelen held fram under annonsen.

-Tilbod om programfag fell vekk – B blokk Klima og miljø og biologi

-Ca 7,5 årsverk blir borte

-Og då svekte viktige fagmiljø

Firda er ein av få skular som tilbyr fire språk til alle elevane (spansk, tysk, fransk og engelsk)

Det er dokumentert at programfagtilbodet og gjennomføringsgrad ikkje er dårlegare for éin parallell-skular i høve til dei som har fleire parallellar.

Til skuleåret 2024/25 har Firda vgs. fått godkjenning på å ta opp vg1 33 elevar som er over normal gruppestorleik.

Konklusjon: Alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord må ha studiespesialiserande utdanning med minst éi gruppe, då dette er ei basisutdanning. Dersom søknaden skulle tilseie at det er større behov må ein kunne auke kapasiteten ved den skulen som har størst søknad.

4. Firda treng yrkesfag

Firda er ein av få skular i Vestland fylkeskommune som ikkje har tilbod om yrkesutdanning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siste det vart utarbeidd skulebruksplan, då for Sogn og Fjordane, vart Firda vgs. sterkt ramma.

Skulen miste over 70 plassar og dette var innan yrkesutdanning i helse- og omsorgsfag og media og kommunikasjonsfag.

Dermed stod skulen igjen etter dette utan noko utdanningstilbod i yrkesfag.

Men skulen set med ei rekke fasilitetar som gjer at ein raskt kan etablere dette på nytt. Skulen har fagkompetanse (beheldt dette gjennom tilbod i helsefag i Gloppenmodellen) skulen har utstyr og ein har lokale. Å flytte dette til ein annan skule i regionen vil klart vere fordyrande for fylkeskommunen og svekkje også det faglege grunnlaget sidan ein må byggje opp dette på nytt ein annan stad.

Konklusjon: Gloppen KrF større det administrative framlegget om helse- og oppvekstfag vg1 og vg2 ved Firda vgs. Dette har ein arbeidd med sidan ein miste desse faga i 2013 og skulen treng denne utdanninga fordi det i åra som kjem vil vere stort behov for fagpersonell innan dette området og Firda treng yrkesfagtilbod

Gloppen KrF er kjent med at det er framlegg om å auke elevtalet i musikk frå 24 til 30. Dette må fylkeskommunen nøye vurdere om det er nødvendig. Firda sjølv gjev tilbakemelding på at gruppestorleik på 24 er tilstrekkeleg til å dekke det vanlege behovet, og at ein auke utover dette vil påføre fylkeskommunen store kostnader.