To representantar for bombegruppa på veg inn i den aktuelle leilegheita.

Undersøkjer leilegheit

I 15-tida laurdag ettermiddag landa politihelikopteret med representantar for bombegruppa til Oslo politidistrikt i Gloppen.

Leilegheita der ei kvinne kan ha blitt utsett for det potensielt svært giftige stoffet ricin, blir no undersøkt.

– Dei har gått inn i leilegheita og starta arbeidet sitt, opplyser innsatsleiar Joachim Malterud i Vest politidistrikt klokka 16.30.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 18-tida arbeider spesialistane framleis på staden.

Politihelikopteret landa kring klokka 15. Brannbefal Joar Flølo til høgre.
Les også
Person i Gloppen utsett for potensielt svært giftig stoff

Kjemikaliedykkarar frå Gloppen brann og redning er på staden, klare til å bistå politiet ved behov.

Kvinna er innlagt ved Førde sentralsjukehus. Klokka 14.50 opplyste politiet til NRK at tilstanden hennar er stabil.

Det er oppretta sak, men vedkomande, som skal vere ukjend for politiet frå før, er ikkje avhøyrd enno.

Innsatsleiar Joachim Malterud klar til å ta imot polititenestemennene frå Oslo politidistrikt.
Mannskap frå Gloppen brann og redning er på staden, klar til å hjelpe politiet.
Les også
Har sperra av eigedom i Gloppen