EUs reglar set krav til ein viss del ombrukemballasje på drikkevarer. I Noreg blir ikkje flaskene brukte på nytt. Flasker og boksar blir i staden resirkulerte.

E24: Noreg slepp unna EUs pantekrav

Noreg får unntak frå EUs krav om bruk av gjenbrukbare drikkeflasker. Kravet kunne kosta 2,5 milliardar kroner i året.

Publisert Sist oppdatert

Dei siste åra har den norske drikkevarebransjen jobba iherdig for å sleppa unna EUs krav til gjenbruksflasker. Frå næringslivet har det vorte sett på som uheldig både økonomisk og med omsyn til klima og miljø.

– Regjeringa har jobba godt og funne ei løysing. Me ønskjer å bruka moglegheita til å gi unntak frå ombrukkravet for drikkevareemballasje, sånn at aktørane kan behalda det gode pantesystemet som me har i dag, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til E24.

EUs reglar set krav til ein viss del ombrukemballasje på drikkevarer. I Noreg blir ikkje flaskene brukte på nytt. Flasker og boksar blir i staden resirkulerte.

Ifølgje Eriksen har Miljødirektoratet komme fram til at Noreg oppfyller vilkåra, og dermed er det òg grunnlag for å gi unntak.

Vilkåra for unntak dreier seg for ein stor del om materialgjenvinning av drikkevareemballasje, framleis arbeid med avfallsførebygging av emballasje, og i tillegg må økonomiske aktørar ha ein eigen plan for arbeidet sitt med avfallsførebygging og materialgjenvinning.

Unntaksmoglegheita gjeld for fem år av gongen – i første omgang frå 2030 til 2035. (©NPK)

Powered by Labrador CMS