Leiar i Fellesforbundet, Christian Justnes og leiar i Norsk Industri, Harald Solberg på veg til frontfagsforhandlingar måndag.

Brot i frontfagsoppgjeret – oppgjeret til mekling over påske

Det er brot i lønnsforhandlingane mellom Fellesforbundet og Norsk Industri, som starta måndag, stadfestar Fellesforbundet. Oppgjeret går no til mekling.

Publisert Sist oppdatert

Partane møter no til mekling frå 7. april, med frist ved midnatt 11. april. Noreg går altså til påskeferie utan klårleik i frontfagsoppgjeret.

Lønnsforhandlingane startar alltid med at fagforeiningane Fellesforbundet og Parat forhandlar med arbeidsgivarforeininga Norsk Industri om lønna til konkurranseutsett industri, som dannar ramma for resten av lønnsoppgjeret.

Målet er å sørgje for at ikkje lønna i Noreg blir så høg at norske bedrifter mistar konkurransekraft internasjonalt. Dette blir kalla frontfagsmodellen.

Ofte går både forhandlingar og mekling på overtid, og dei tek slutt først når partane er samde om at dei ikkje blir samde. Dei kan også brytast før tidsfristen – noko som altså skjedde torsdag, sidan fristen var først ved midnatt.

I oppgjeret i år er det mellom anna usemje om forskotering av sjukelønn. I dag er det ein periode på 16 dagar der arbeidsgivar betaler ut dette, men frå dag 17 overtek Nav. Mange bedrifter vel å forskotere pengane også vidare, og deretter krevje refusjon frå Nav. Fellesforbundet krev at dette skal bli pålagt alle bedrifter som er omfatta av industriovereinskomsten. (©NPK)

Powered by Labrador CMS