Bråka med matlaging - politiet rykte ut

Klokka 05 natt til torsdag fekk politiet melding om ein rusa mann som laga mat på ein vandrarheim på Borlaug i Lærdal. Det blei så mykje os og røyk av kokkeleringa at brannalarmen blei utløyst og andre bebuarar vakna. 

Tilsette prøvde å få mannen, ein utanlandsk turist, til å avslutte dei nattlege aktivitetane, men han nekta og heldt fram med å koke og steike og lage bråk.

Først då politiet kom på plass på staden og gav han beskjed om å gå til ro, kunne natteroa senke seg over Borlaug. 

Powered by Labrador CMS