- Kampen for Førdefjorden handlar om meir enn juss og økonomiske interesser, skriv Lieke Winkelhorst (t.h.) i dette innlegget.

Aksjonen er over. Kampen for Førdefjorden held fram

I 2022 stod eg på Engebø i Vevring. Førre veke stod eg der igjen. Same bodskap. Same kamp. Same håp: La Førdefjorden leve.

Eg har følgt kampen for Førdefjorden sidan eg var leiar i Gloppen Natur og Ungdom frå 2022 til 2024, og har halde fram med engasjementet sidan. Førre veke sette eg studielivet på pause for å bidra i Natur og Ungdom sin aksjon. Eg kunne ikkje sitje stille og sjå på at gruveselskapet Nordic Mining forset å dumpe store mengder med gruveavfall i ein av dei mest artsrike fjordane våre.

Mykje har skjedd sidan sist eg stod på Engebø. Saman med Naturvernforbundet har Natur og Ungdom kjempa saka gjennom rettssystemet, og dei har prøvd alle tilgjengelege kanalar. Dei saksøkte staten i 2022 og tapte i tingretten i 2024. Etter ei rådgjevande fråsegn frå EFTA-domstolen snudde saka, og dei fekk medhald i lagmannsretten. 17. juni i år slo Høgsterett fast at både utsleppsløyvet og driftsløyvet er ugyldige, og at løyvet til å dumpe opptil 170 millionar tonn gruveavfall i fjorden strir mot EU sitt vassdirektiv. Då skulle saka vore avgjort. I staden gav Klima- og miljødepartementet 30. september Nordic Mining løyve til å deponere 4,5 millionar tonn gruveavfall dei neste tre åra.

Det er dette eg ikkje klarar å forstå. Korleis kan regjeringa opne for meir dumping når Høgsterett har kjent løyva ugyldige? Det vert kalla midlertidig, men eg kan ikkje sjå bort frå at dette berre er første steg. Eit tre-årsløyve kan fort bli ein presedens og dei same 170 millionane tonn kan kome tilbake bit for bit. Eit nytt, mellombels løyve endrar ikkje alvoret i saka.

Når staten svarar på ein dom frå Høgsterett med å gi eit nytt løyve til det same, blir det reist alvorlige spørsmål om rettssystemet er rettferdig. Sivil ulydigheitsaksjonen mot fjorddeponiet blei ein nødvendighet. Dei fleste aksjonistane var unge menneske som med styrke og mot heldt ut i kaldt og regnfullt vêr døgnet rundt for å verne fjorden. I åtte dager med lenkeaksjoner ved portar og transportband tok dei på seg bøtene for å gjere jobben styresmaktene sjølve skulle ha gjort. No er aksjonen avslutta og bøtene er på over 300 000 kroner. Det er ein urimeleg pris å betale for å forsvare ein fjord når Høgsterett alt har slått fast at dei opphavlege løyva er ugyldige. Aksjonen er over, men presset på styresmaktene må halde fram.

Kampen for Førdefjorden handlar om meir enn juss og økonomiske interesser. Det handlar om kva naturen vår er verd og om ansvaret vi har for å ta vare på fjorden vår.  Saka er ein del av eit større bilete der naturen vår blir bygd ned bit for bit i jakta på økonomisk vinning. Førdefjorden er ikkje ein avfallsplass, men eit levande økosystem. Ho er ikkje vår å selje. La Førdefjorden leve.

Lieke Winkelhorst

Powered by Labrador CMS