Vern av fjord og hav må ikkje bli symbolpolitikk
Regjeringa sitt vedtak om å verne Ytre Hardangerfjorden, Dalsfjorden og Korsfjorden er eit viktig steg i riktig retning. Desse fjordane er unike økosystem med artar som ikkje finst andre stader i verda. Men dersom vi ikkje følgjer opp med konkrete tiltak og eit reelt skifte i politikken for havbruk og miljø, blir dette vernet lite meir enn flott symbolikk.
I fylkestinget 24.-25. mars stilte Raudt spørsmål om korleis fylkesordføraren og fylkeskommunen vil følgje opp regjeringa sitt vedtak, og dessutan om korleis dei vil bidra til å nå målet om å verne 10 prosent av norske havområde innan 2030. Svara frå fylkesordføraren var nedslåande vage: at vedtaket blir «teke til etterretning», og at det skal vere «balansert tilnærming mellom vern og bruk».
Dette er ikkje godt nok. Når trafikklyssystemet for havbruk viser at Vestland ligg i gult eller raudt lys, fortel det oss klart at presset på økosystema er for høgt. Ei «balansert tilnærming» er akkurat det som har ført oss dit vi er i dag – der kortsiktig næringsinteresse ofte veg tyngre enn naturmangfald, fjordheling og langsiktig berekraft. Fylkeskommunen må ta ei aktiv rolle i oppfølginga av dei nye verneområda. Det held ikkje å vise til at fylket deltek i referansegrupper eller arrangerer seminar under One Ocean Week. Vernet må faktisk bety vern: mot forureining, mot overbelasta oppdrettslokalitetar og mot vidare privatisering av fellesskapet sine fjordar.
Raudt meiner at Vestland fylkeskommune må:
- Krevje strengare miljøkrav i havbruksnæringa for å redusere lakselus og utslepp.
- Støtte opp under forsking og prosjekt som fremjar naturrestaurering og økologisk berekraft.
- Setje press på staten for å sikre reelt vern av dei mest sårbare fjordområda, ikkje berre på papiret.
- Arbeide for å utvide fjordvernet til andre fjordar i fylke.
Skal vi sikre levande fjordar for framtida, må politikarar på alle nivå tørre å ta tydelege val. Naturen har ikkje tid til fleire tomme ord.
Rita Tonning,
fylkestingsrepresentant Raudt Vestland
Eirik Furuberg,
vararepresentant Raudt Vestland