
Stopp sløsinga, Grotle
Mitt svar til stortingsrepresentant Olve Grotle (H):
– Kva politikk står du eigentleg for? Meiner du vi har det for godt i Sogn og Fjordane sidan du vil “stanse pengefesten”? spør Grotle i eit innlegg retta mot meg den 5. mars.
Nei, vi har det ikkje for godt. Problemet med sløsing er nettopp at det ikkje kjem innbyggjarane til gode. Derfor er eg svært kritisk til at Høgre vil fortsette å dele ut gigantiske subsidiar til symbolske klimatiltak som havvind.
Høgre vil også auke bistandsbudsjettet, til trass for at vi allereie brukar langt meir enn kva FN anbefaler. No er vi oppe i svimlande 58 milliardar kroner årleg. Mykje av desse pengane går til tvilsomme formål, og vi veit alt for lite om effekten av bistanden. Nokre eksperter frykter til og med at vi gjer vondt verre når bistandsmidler går i lomma til korrupte leiarar. FrP vil kutte bistanden til 0,7 prosent av BNI og heller fokusere på nød- og katastrofehjelp som treffer dei med reelle og akutte behov.
Der Høgre vil møte det rådyre integreringsetterslepet vårt med ei fortsetting av den samme gamle innvandringspolitikken som ikkje fungerer, foreslår FrP å etablere asylmottak i tredjeland og innføre ei samfunnsskontrakt for flyktningar som opnar for å dra inn opphaldsløyvet ved brot på kontrakten.
I byråkratiet må det også kuttast. Derfor foreslår FrP blant anna å legge ned fylkeskommunen.
Kuttar vi denne sløsinga, sit vi att med meir pengar som vi kan bruke på dei viktigaste oppgåvene, som helse, skule, infrastruktur og forsvar.
FrP vil fjerne formuesskatten for å sikre at sosialistane ikkje gjeninnfører den i framtida, mens Høgre sløser vekk så mykje penger at det ikkje er dekning til å ta vekk heile den særnorske skatten, som rammer bedrifter i Sogn og Fjordane.
Eg er postiv til grep som kan auke fødselstala i Noreg. Ungarn har valgt skattekutt som eit grep for å motivere folk til å få fleire barn. Eg meiner at både fleire barn og lågare skatt bør være målet også i Noreg.
Det bør og vere eit mål å få ned dei skyhøge avgiftene på drivstoff. Høgre sin klimapolitikk med auka avgifter på CO2, vil gi folk og bedrifter i Sogn og Fjordane dyrare bensin og diesel. Mens Høgre vil auke avgiftene meiner FrP at vi skal kutte avgifter, slik at folk og bedrifter i fylket vårt får meir økonomisk handlefridom.
Stig Even Lillestøl,
FrP-kandidat til Stortinget