Influensasmitten blant nordmenn aukar, noko som kan gjera at smittetoppen kjem tidlegare enn vanleg. Nemleg i jula.

Mange kan få influensa til jul

Influensasmitten blant nordmenn aukar, noko som kan gjera at smittetoppen kjem tidlegare enn vanleg. Derfor kan mange få ei snørrete gåve til jul, i staden for på nyåret.

Publisert Sist oppdatert

– Me reknar det som ganske sannsynleg med den vekentlege auken i positive testar, seier overlege Ingvild Fjeldheim ved Folkehelseinstituttet (FHI) til TV 2.

Vanlegvis treffer viruset hardast anten rett over nyttår eller tett opp mot vinterferien. I fjor toppa smitten seg òg i jula.

Influensasmitten ligg på eit litt høgare nivå no enn han pleier, ifølgje Fjeldheim. Førre veke var andelen med påvist influensavirus på 7 prosent. Veka før, altså veke 45, låg smittetalet på 6 prosent.

– Den siste veka var førekomsten høgast i aldersgruppa 1 til 4 år, der 10 prosent av dei testa fekk påvist influensavirus, seier Fjeldheim til kanalen.

Det er fylka Troms, Finnmark og Østfold som har høgast smitte til no.

FHI melder at viruset smittar ved drope-, luft- eller kontaktsmitte og kan smitta ved låg smittedose.

– Det betyr at alle samlingar med mykje folk innandørs vil vera gunstige for smittespreiing, seier Fjeldheim til kanalen. (©NPK)

Powered by Labrador CMS