MDG tek ansvar for pasientane i Sogn og Fjordane
Neste veke skal Stortinget ta eit vanskeleg val: Store kutt ved lokalsjukehuset i Lærdal, eller ei alvorleg svekking av sentralsjukehuset i Førde. Begge alternativa vil råke pasientar og lokalsamfunn og føre til oppseiingar. I den situasjonen prioriterer MDG tryggleiken til pasientane i Sogn og Fjordane.
Vi i MDG er i utgangspunktet imot kutt i tenestetilbodet på sjukehusa i fylket. Men no står vi i ein situasjon der vi må velje mellom to onder. Helse Førde må spare pengar og har tilrådd innsparingar ved alle sjukehusa, mellom anna kutt i det ortopediske tilbodet i Lærdal. Senterpartiet føreslår at Stortinget stansar kuttet, men føreslår ingen alternative innsparingar. Det følgjer heller ikkje finansiering med forslaget. Det betyr at Helse Førde kan bli tvinga til å gjennomføre kutt i strid med eigne faglege tilrådingar.
Som lege og kirurg i Helse Førde gjennom mange år var det naturleg for meg å setje meg grundig inn i dei faglege argumenta på begge sider. Eg har og hatt ansvaret for å innføre det nasjonale traumesystemet i Sogn og Fjordane, og dermed den kirurgiske beredskapen. Uansett kva ein vel så vil det ha alvorlege konsekvensar.
Blir Sp-forslaget vedteke, er vi rett og slett uroa for pasienttryggleiken i Sogn og Fjordane. Om ein stoppar alle fagleg føreslegne innsparingar, slik Sp vil, kan sentralsjukehuset bli sterkt svekka. Det er uklokt. Her blir kritiske skadar og alvorlege sjukdomar behandla. Her blir risikofødslar gjennomførte. Difor stemmer MDG mot forslaget frå Sp om å halde oppe ortopedien i Lærdal på dagens nivå. Samstundes stemmer vi for å sikre eit barseltilbod og ein skadepoliklinikk i Lærdal. Dersom vi skal finne ei løysing utan kutt, må regjeringa raskt leggje meir pengar på bordet. Det er vi sjølvsagt for.
Det er regjeringa sin politikk, med for lite pengar til sjukehusa og ein dysfunksjonell finansieringsmodell, som har sett fylket i den situasjonen vi er i no. Kuttene kjem av at vi må kutte i drifta for å betale renter til staten, og det kjem av at vi har ein blodig urettferdig og sentraliserande finansieringsmodell der små helseføretak taper på kostnad av store. Desse strukturane må endrast. Og det er på høg tid å la fagfolka sleppe overdrivne dokumentasjonskrav og gje dei tilliten og tryggleiken tilbake, så dei kan få gjere meir av jobben for pasientane.
Difor stemde MDG 12. februar for forslaget frå mellom anna Frp, Sp og KrF om ein ny finansieringsmodell som sikrar at sjukehusa slepp å kutte så mykje i drift for å betale renter til Staten. Det kan ikkje vere slik at høge betongprisar internasjonalt gjer at fleire pasienttilbod i distriktskommunar som Lærdal må leggjast ned.
Det er mange sider ved denne saka, og mange omsyn å ta. Eg har følgt saka tett, og i oktober fekk eg med meg Stortinget på eit vedtak som sa at Helse Førde skal sikre minst like godt fagleg tilbod for pasientane ved lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane i framtida. Eg meiner kuttforslaga frå Helse Førde gjekk altfor langt, og krev løysingar som gjer at ein ikkje treng å reise til Førde ved små skadar og uhell, og at ein langt oftare skal få helsehjelpa ein treng ved lokalsjukehuset sitt.
Å miste titals arbeidsplassar i ei bygd som Lærdal forstår eg at gjer folk opprørte og sinte. Å miste pasienttilbod på sitt nærsjukehus er vondt. Men det finst inga perfekt løysing. Som Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp) sa til Firda: – Sentralsjukehuset er grunnlaget for bemanninga på lokalsjukehusa. Må ein i staden ta store kutt på sentralsjukehuset i Førde, riv ein heile grunnlaget vekk.
Som lege set eg omsynet til liv og helse først. Sjølv om eg no er stortingsrepresentant, er eg framleis på jobb for pasientane i Sogn og Fjordane.
Marius Dalin,
stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane og Miljøpartiet Dei Grøne