Det er venta klarvêrdagar i helga i store delar av landet.

Mykje finvêr i helga, best i sørvest

(NPK-NTB-Mette Bjørberg Estep): Store delar av landet kan håpa på sol i helga, og best ser det ut på Sørlandet. Byevêr frå vest vil likevel gjera det tidvis vått og surt ein del stader.

Publisert Sist oppdatert

– Jo lenger sør du er, desto større sjanse har du for å få sol i helga. Sørlandet får mest, men også sørlege delar av Vestlandet og Austlandet har gode moglegheiter.

Det seier vakthavande meteorolog Marek Ratajczak ved Meteorologisk institutt til NTB.

Regionalt er det Sørlandet som får mest skyfritt opphaldsvêr.

– Det er ikkje sikkert dei får særleg med skyer verken fredag, laurdag eller søndag. Det kan dukka opp litt skyer søndag ettermiddag.

– Blir det kaldt, då?

– Nei, ikkje spesielt, det blir mindre kaldt enn det har vore den siste tida, seier statsmeteorologen.

Mindre kaldt, men ikkje mildt

Også på Austlandet blir det litt mindre kaldt enn det har vore til no. Det ligg an til litt skyer først, og så mindre og mindre av det og meir sol utover i helga.

– I indre dalstrøk har dei hatt ned mot minus 20, og alle på Austlandet har nok fått litt minusgrader. Det ser ut til at det blir litt mindre kaldt enn det, men ikkje mildt, presiserer Ratajczak.

Ettersom det ligg an til opphaldsvêr, er det ikkje stor fare for superglatte forhold.

– Det blir kanskje eit par plussgrader på dagtid i låglandet, og med minusgrader på natta kan det bli glatt om det ligg is på vegen som smeltar. Men det meste som kom sist veke, er smelta her, og det er ikkje meldt nedbør dei næraste dagane.

Vêrskilje i vest

Ute over Atlanterhavet kjem det byevêr, som vil forårsaka eit geografisk vêrskilje omtrent frå midten av Vestland fylke og nordover.

– Rogaland og det meste av Vestland får sol og opphald i helga, medan nord for Sognefjorden og Nordfjord er det eit litt anna vêr i vente. Det er mykje skyer og byer på veg inn frå havet, som også vil treffa Trøndelag i starten av helga, seier Ratajczak.

På kysten kan dette gi utslag i både snø og regn og sludd, om kvarandre. Litt lenger inn i landet og i høgda kjem det meste som snø. Det kjem også litt vind med byene, noko som kan gjera det ekstra surt.

– Det kan fort bli 20–30 centimeter i løpet av eit døgn. Men også her er det ein del lokale variasjonar. Det er spreidd byevêr, så det er vanskeleg å seia kvar det blir mest. Men alle saman vil få noko i desse regionane, seier Ratajczak.

Byer nordaustover

Vidare frå Nord-Trøndelag og i Nord-Noreg startar helga ganske så roleg,

– Fredag er det iallfall håp om bra vêr, og så på laurdag kjem dette byevêret frå havet også innover landet, frå nord i Nordland, Troms og Vest-Finnmark. Det er mest som sludd og snø. Søndag ser det ut som byene flyttar seg mot Aust-Finnmark.

Når byene flyttar seg, minkar vêret på søndag i Møre og Romsdal og Trøndelag, slik at det ikkje kjem så mykje snø.

Meteorologen seier det kan bli litt spennande for alle utover i neste veke.

– Det ser ut som det blir mykje kald vinterluft enno, over heile landet, men med meir austavind. Det snur heilt om på det som er mest vanleg når vêret kjem meir frå vest. No blir det i staden meir opphaldsvêr i vest, Trøndelag og i nord, medan det ikkje er venta så fint vêr på Sørlandet og Austlandet, seier Ratajczak. (©NPK)

Powered by Labrador CMS