Raudt utløyser raud alarm for distrikts-næringslivet

Raudt sin førstekandidat i Sogn og Fjordane, Rita Tonning, meiner det er rettferdig at norskeigde familiebedrifter i distrikta skal belastast med ein skatt utanlandskeigde bedrifter slepp: formuesskatt på arbeidande kapital.

Kven vil det ramme, i eit fylke som Sogn og Fjordane?

Jau, det er den lokale forankringa, den lokale eigarskapen, den lokale skaparkrafta og utviklingskrafta.

Denne særnorske skatten på lokal eigarskap av bedrifter er ikkje berre urettferdig – han er direkte skadeleg for det distriktsnæringslivet vi er avhengige av for å skape arbeidsplassar og halde liv i lokalsamfunna i Sogn og Fjordane.

Venstre ønskjer ikkje eit skattesystem som premierer det at lokale eigarar skal selje ut bedriftene sine til utanlandsk storkapital. Vi vil tvert imot stø opp under dei som vil bli i sitt lokalsamfunn, satse og investere i lokale arbeidsplassar. Venstre er for å ha ein formuesskatt på høge private formuer – men ikkje på det å eige ei bedrift i distrikts-Noreg.

Raudt snakkar varmt om rettferd. Men det er ikkje rettferdig å sette norsk eigarskap i distrikta i ein verre situasjon enn dei utanlandske konkurrentane. Det er urettferdig. Og det er heller ikkje spesielt lurt om vi vil ha eit levande næringsliv i heile landet. Vi vil at distriktsbedrifter skal kunne bruke pengane på å investere, tilsette fleire og utvikle seg.

Venstre trur på eit Noreg som stiller opp for dei som vil skape noko, der dei som bygger arbeidsplassar i distrikta blir sett på som verdiskaparar og samfunnsutviklarar.

Difor kjempar Venstre for eit skatteskifte der vi fjernar skatten på arbeidande kapital, og heller skattlegg forureining og overforbruk. Det er rettferdig, framtidsretta og distriktsvenleg.

Alfred Bjørlo, 

stortingsrepresentant og 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS