Rita Tonning er fylkestingsrepresentant og 1. stortingskandidat for Raudt Sogn og Fjordane.

Risikerer at store eigedelar og formuar står urørte av skattlegging

Debatten om formuesskatten blussar opp med jamne mellomrom, også i lokalavisene våre. Nok ein gong høyrer vi krav frå høgresida om å fjerne denne skatten. Men det dei sjeldan snakkar om, er kva som skal kome i staden. For vi i Raudt meiner det er heilt grunnleggjande at dei som har mest, også bidreg mest til fellesskapet.

Utan formuesskatten risikerer vi at store eigedelar og formuar står urørte av skattlegging, og at superrike kan leve som nullskatteytarar – samstundes som vanlege arbeidsfolk betaler sin del kvar einaste månad. Det er ikkje rettferdig. 

Det er eit poeng at skatten berre blir lagt på norske formuar – ikkje utanlandske eigarar av norske formuar. Eg kan sjå det poenget. Korleis løyser vi det? Raudt meiner vi må greie ut korleis vi kan skattlegge utanlandske eigarar på same måte som dei norske.

Olve Grotle og Alfred Bjørlo: Er de einige i at dette er vegen å gå? Formuesskatten handlar ikkje om å straffe rikdom, men om å sikre at vi har pengar til skular, sjukehus og eldreomsorg – tenester som alle er avhengige av, uavhengig av bankkontoen sin. 

Dei som vil fjerne denne inntektskjelda for staten, har eit ansvar for å fortelje korleis dei då vil sørgje for at milliardærane framleis bidreg. Vil dei ha ein ny skatt på luksus? Høgare skatt på utbyte? Eller meiner dei faktisk at dei rikaste ikkje treng å bidra i det heile tatt?

Rita Tonning,

1.stortingkandidat for Raudt Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS