Ope brev: Lat barnehagen vere i fred – forslaget om felles styrar lyt forkastast
Som foreldre til ungar i Skei barnehage er vi djupt uroa for dei føreslåtte endringane i leiarstrukturen i barnehagane i kommunen. Konsekvensane dette tiltaket vil ha for personalet, barnehagedrifta og samarbeidet med heimen, vil til sjuande og sist forplante seg ned til ungane våre og svekkje kvaliteten på tilbodet deira. Derfor kan vi ikkje akseptere at Skei barnehage skal ha felles styrar med ein barnehage som ligg nærare tre mil unna.
Uhensiktsmessige og upraktiske avstandar: Mellom Skei barnehage og Langhaugane barnehage er det 27 kilometers reiseveg. Det burde ikkje vere nødvendig å forklare i detalj korleis slike avstandar vil føre til lite styrarnærvær i kvar av barnehagane og mykje styrardaudtid om bord i ein bil langs Jølstravatnet.
Til samanlikning er det òg 27 kilometer mellom barnehagane i Bygstad og i Vadheim (Høyanger), og det same mellom Holsen og Ålhus (privat). Mellom Langhaugane og Lunden i Naustdal er det 29 kilometer, og mellom Skei barnehage og Breim barnehage på Re (Gloppen) er det 25 kilometer. Sjølv når vi ser bort frå kommunegrenser og skilje mellom offentleg og privat drift, ville ingen ved sine fulle fem føreslått å ha ein felles styrar for nokon av desse konstellasjonane.
Vi kan heller ikkje sjå at forslaget om felles styrar for einingar som ligg så langt unna kvarandre, er noko anna enn ei utilbørleg omgåing av gjeldande regelverk. Vi viser her til § 4 i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager (våre uthevingar):
Hver barnehage skal ha en styrer. Styrer skal ha daglig kontakt med og oppfølging av hver barnehage. Barnehager kan unntaksvis samarbeide om styrerressurs eller ha felles styrerressurs med andre barnehager, dersom slik organisering ikke fører til reduksjon av styrerressursen for hver enkelt barnehage. Det må være forsvarlig avstand mellom barnehagene og organiseringen må ikke gå på bekostning av kvaliteten på barnehagetilbudet.
Desse unntakskriteria er ikkje foreinlege med dei avstandane det her er snakk om. Geografien åleine burde vere nok til å leggje forslaget om felles styrar daudt.
Konsekvensar av mindre styrarnærvær: Dersom tida styraren er til stades i barnehagen, skal halverast (eller reduserast endå meir pga. daudtid under transport), vil det vere vanskelegare for dei tilsette å få raske avklaringar og støtte i kvardagen. For oss foreldre vil dette også skape lengre avstand til styraren, noko som igjen vil vere negativt for samarbeidet mellom heimen og barnehagen.
Ein fast og nærverande styrar kjenner heile barnehagen godt – både kulturen, dei tilsette, ungane og foreldra. Ein ambulerande styrar som skal sjonglere to kulturar og to ulike sett med tilsette, ungar og foreldre, vil ha langt dårlegare føresetnader for å leie kvar av barnehagane på ein god og tilpassa måte.
Mindre nærverande leiing kan vidare gjere det vanskelegare å følgje opp sjukefråvær, arbeidsmiljø og kompetanseutvikling. Konsekvensen av at tilsette får mindre fagleg støtte, rettleiing og oppfølging, kan bli at det vert vanskelegare å sikre tidlig innsats, god tilrettelegging, oppfølging og eit miljø som fremjar læring og utvikling for alle.
Svekt beredskap: Det vil vere alt anna enn klokt å svekkje den stadlege leiinga ved alvorlege og akutte hendingar. Gud forby at slikt måtte skje, men vi kan ikkje basere beredskapen for ungane våre på at eit slikt «Gud forby» skal respekterast av høgare makter. Når kriser før eller seinare inntreffer, kan det ikkje vere slik at styraren skal sitje makteslaus fleirfaldige mil unna.
Metningspunktet for omveltingar er nådd: Som foreldre opplever vi at tilliten til Sunnfjord kommune som forvaltar og tilbydar av basistenester for ungane våre er farleg nær eit brestepunkt. Mange av oss har ungar både i barnehagen og på skulen. Vi ser korleis nedskjeringane i heile oppvekstsektoren har redusert vaksentettleiken og bemanningsmarginane inn til beinet og vel så det. Vi ser korleis den vedvarande tilstanden av omveltingar og kuttrundar gir både skulen og barnehagen dårlegare føresetnader for å ivareta ungane våre.
No må oppvekstsektoren få ro. Ro til å drive barnehage og skule. Ro til å gi ungane våre tenester av ein kvalitet som kommunen kan vere kjend av. Ro til å utvikle seg – og ro til å puste.
Endringane i oppvekstsektoren dei siste åra har vore krevjande og meir enn omfangsrike nok. Som foreldre kjenner vi på stor uro rundt dette. Det viktigaste for oss – og som burde vere like viktig for kommunen – er at endringar ikkje forringar kvaliteten på tilbodet til barna. Forslaget om felles styrar vil gå utover den kvaliteten, og derfor kan vi ikkje akseptere det.
Det er ikkje til å kome utanom at heilskapen i saka, med forslag om felles styrar for barnehagane og felles rektor for skulane, luktar langsiktig omkamp om den skule- og barnehagestrukturen som nyleg har blitt fastlagd. Same kor utilsikta det måtte vere frå administrasjonen si side, framstår forslaga om felles styrar og rektor som reine sniksamanslåingar, og vi kan ikkje akseptere verken eit slikt resultat eller ein slik prosess.
Vedvarande ustabilitet skremmer bort unge vaksne i etableringsfasen: Skal Sunnfjord kommune greie å halde på dei unge vaksne som bur her, lokke heim att studentar som har flytta til universitetsbyar, og trekkje til seg andre tilflyttarar i eller nær etableringsfasen, må vi ha tryggleik, stabilitet og langsiktige linjer i det kommunale oppveksttilbodet. Stadig uro og tvil knytt til om ungane vil få gode oppvekstvilkår i nærmiljøet – anten det no gjeld i Førde eller Bygstad eller på Skei – er ein effektiv måte å skremme bort dei som tel på knappane om dei skal etablere seg her i kommunen eller ikkje.
Taper vi konkurransen om dei unge vaksne i etableringsfasen, vil ikkje berre barnetala gå ned, vi vil òg tape kampen om nyutdanna fagfolk som det i all overskodeleg framtid vil vere sårt behov for i omsorgssektoren. Det å prioritere ro og stabilitet i oppvekstsektoren er såleis ikkje berre nødvendig av omsyn til ungane, det er òg ei investering som vi som kommune er nøydde til å gjere for å kome oss velberga gjennom dei demografiske endringane samfunnet møter dei næraste tiåra.
Signert foreldre til ungar i Skei barnehage:
Ida Marie Osland, Siv Bolset, Vebjørn Sture, Cathrine Gåsemyr, Maria Skog Karbø, Karianne Fossheim, Marte Myklebust Hundvebakke, Kristina Juklestad, Simen Bjørkli, Håkon Myklebust, Asgeir Ripe, Karoline Kjøsnes, Monica Fuglestrand, Inger Anne Husevåg, Kjersti Øien Helgheim, Kjetil Sunde, Andre Heggheim, Ann Kristin Bruland, Benedikte Sægrov, Benjamin Sunde, Cathrine Holager, Karoline Mulen Sunde, Marte Dvergsdal, Miriam Engen, Rognald Eivind Nydal, Zuzana Bolset, Adrian Sandnes, Andreas Bolset, Britt-Jannicke Sunde Lundal, Daniel Klakegg, Maria Kristine Sture, Gunnhild Viken Bakke, Helga Dvergsdal Fjellstad, Hilde Annie Fosse, Karoline Eikenes, Kjetil Skrede, Malene Gåsemyr Fugle, Tom Erik Sandal, May-Runa Edith Liaskar Aarsæter, Sindre Dvergsdal, Olav Bolset, Miriam Didriksen Seljeseth, Aiste Zelve, Erik Magne Bolset, Alf-Otto Førde, Terje Martiniussen, Anna Paszowska, Astrid Beddari Sunde, Jørn Inge Egge