Tilskodarar følgjer gravferdsseremonien for kong Harald V på storskjerm i Oslo sentrum onsdag. Foto: Silje Katrine Robinson/NTB/POOL/NPK.

Folket har teke eit siste farvel: – Kunne høyre ei knappenål falle

(NPK-NTB): Ein heil nasjon var samla i Oslos gater for å ta eit siste farvel med kong Harald V onsdag. I domkyrkja var heile kongefamilien, statsoverhovud, andre kongelege og idrettsprofilar på plass.

Publisert

Rett før gravferda var det så stille i Oslos gater at det berre var kyrkjeklokkene som kunne høyrast. Tusenvis hadde samla seg i sentrum framfor storskjermane for å følgje gravferda.

Til stades akkurat no

Endå fleire menneske har strøymt til domkyrkja etter seremonien.

Tilskodarar følgjer gravferdsseremonien for kong Harald V på storskjerm i Oslo sentrum onsdag. Foto: Silje Katrine Robinson/NTB/POOL/NPK.

– Det er veldig spesielt, ein kan høyre ei knappenål falle, seier NTBs reporter utanfor domkyrkja.

Vidare fortel han at det berre er eit fåtal som har sett på mobilen, nesten alle var til stades akkurat no.

På Universitetsplassen stemde mange i då Kongesangen vart sunge i domkyrkja, og mange bad også Fadervår. Elles var det så godt som musestille, fortel NTBs reporter der.

Også Fager er jordi førte til allsong.

– Veldig veldig spesiell stemning, fortel reporteren vår.

Over domkyrkja flaug fire F-35 kampfly, der eit av flya braut rekka, steig opp i lufta medan dei tre andre flaug vidare, ei helsing til ein øvstkommanderande som er gått bort.

Her blir båra boren ut frå domkyrkja.

Ei gråtande Märtha

Ein etter ein kom bilane fram ved domkyrkja for å hente gjester.

I den eine bilen observerte NTBs reporter på staden ei gråtande Märtha Louise i bilen.

Frå universitetsplassen var det einaste som kunne høyrast under seremonien, befalet til soldatane «på stedet hvil».

– Ingen sa eit einaste ord. (©NPK)

Powered by Labrador CMS