Stortingspresident Masud Gharahkhani sa i talen sin at kongen levde opp til valspråket sitt. - Han gav alt for Noreg.

Gharahkhani i minnetalen til kong Harald: – Han gav alt for Noreg

I minnetalen sin under gravferdsseremonien i Oslo domkyrkje takka stortingspresident Masud Gharahkhani kong Harald for måten han bar rolla som konge på.

Publisert Sist oppdatert

– Kong Harald var nær folk. Og han var seg sjølv. Han var ikkje redd for å møte folk med gummistøvlane på, sa Gharahkhani til forsamlinga i Oslo domkyrkje.

Onsdag klokka 13 starta kong Haralds gravferd i Oslo domkyrkje. Seremonien begynte med eitt minutts stille som blei innleidd og avslutta med tre klokkeslag.

– I møte med sorg blir det sagt at ord blir fattige. Men av og til kan ord bety mykje, sa stortingspresidenten, som er den nest høgast rangerte personen i landet – etter kongen.

Stortingspresident Masud Gharahkhani bukkar ved kong Haralds båre.

I talen trekte Gharahkhani fram Christer Modin, kjent gjennom programmet Petter uteliggjar. Christer var ein av dei første seljarane av magasinet =Oslo og jobba som barista på kafeen =Kaffe før han døydde i 2018, 49 år gammal. I 2010 møtte Modin kongen på Slottet.

– Kong Harald møtte han med respekt og varme. Christer sa sjølv at møtet forandra livet hans: «Jeg sa til kongen at jeg ville starte et nytt og bedre liv. Og jeg kunne jo ikke juge til kongen».

Stortingspresidenten trekte også fram eit sitat frå nyttårstalen til kongen i 2008: «Jeg skulle ønske vi sluttet å bruke betegnelsen «samfunnets svakeste». I realiteten er noen av de de sterkeste blant oss».

– Kong Harald såg menneske. Ikkje berre dei med posisjonar, men menneska som stod framfor han. Og særleg dei som trong det mest, sa stortingspresidenten.

Til slutt sa Gharahkhani at kongen levde opp til valspråket sitt.

– Han gav alt for Noreg. (©NPK)

Powered by Labrador CMS