- Skal elevane bli gode lesarar, må også lærarane vere godt rusta til å lære dei å lese, skriv Peder Lofnes Hauge i dette innlegget. Foto: Thomas Brun.

Lesesatsinga må vere ei språksatsing

Dei svake PISA-resultata i lesing viser at me står overfor ei alvorleg utfordring. Nedgangen i lesekompetansen blant norske elevar må takast på alvor, og det trengst ein kraftig og langsiktig innsats for å styrkje lesinga i skulen. Når styresmaktene no skal svare på utfordringane, må dei hugse på nynorskelevane. Når det skal satsast på lesing, må det satsast på lesing på nynorsk.

Nynorskelevane har ein skulekvardag der dei har behov for å møte meir nynorsk. I tillegg trengst det eit større medvit om at det å lære seg nynorsk ikkje er det same som å lære seg bokmål. Utfordringane nynorskelevar har med å lese, er ikkje nødvendigvis dei same som utfordringane til bokmålselevane. Når lesekompetansen går ned, må me vere opptekne av kva som ligg bak, og ikkje gå ut frå at dei same tiltaka fungerer like godt for alle. I framtidig forsking må vi også skaffe oss meir kunnskap om kva som påverkar lesekompetansen til nynorskelevane. 

Skal elevane bli gode lesarar, må også lærarane vere godt rusta til å lære dei å lese. Framtidige lærarar må få den kompetansen dei treng for å vere gode leselærarar på nynorsk. Lærarutdanningane må difor gje studentane kunnskap om nynorsk som opplæringsspråk og om korleis ein kan arbeide systematisk med leseopplæring på nynorsk.

Me kan heller ikkje sjå leseopplæring isolert frå språkopplæring. Den samla språkkompetansen elevane har, bidreg til å gjere dei til gode lesarar. Det vil difor vere bakvendt å møte leseutfordringane med mindre tid til språkopplæring i skulen. Lesekompetanse og språkkompetanse heng tett saman, og ei satsing på lesing må difor vere ei satsing på språk. 

Peder Lofnes Hauge,
leiar i Noregs Mållag 

Powered by Labrador CMS