Front mot front - fem personar involverte

Publisert Sist oppdatert

Klokka 16:23 søndag ettermiddag fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Rv. 15 Nordfjordvegen, like vest for Stårheim.

- Airbagar utløyste i begge bilar. Totalt fem personer involverte. Fire personar i den eine bilen, førar i bil nummer to. Opplyst at barn er blant dei involverte. Ukjent vedrørande skadeomfang. Alle er ute av bilane, vakne og bevisste. Trafikken står i begge retningar. Luftambulanse på staden saman med ambulanse og øvrige naudetatar, opplyste operasjonsleiar Frode Kolltveit kl. 16:54.

Klokka 17:36 opplyser Kolltveit at ein bilførar (kvinne i 60-åra) blir send til Sentralsjukehuset i Førde med luftambulanse. Var ved bevisstheit. Ukjent skadeomfang.

Klokka 17:54 blir det opplyst at den andre bilføraren var ei kvinne i 30-åra. Saman med henne i bilen var ei kvinne i 50-åra og to mindreårige gutar:

- Ingen mistanke om noko form for påverknad på nokon av bilførarane. Alle dei fire er også på veg til sjukehuset i Førde - i ambulanse. Ikkje opplyst personskadar. Ulykka skjedde i ei 70-sone. Vegen er no open for normal ferdsle. Sak blir oppretta, melder Frode Kolltveit.

Powered by Labrador CMS