I love the smell of nynorsk in the morning
Nynorsk er framleis nærmast usynleg på det store lerretet. Kvifor skal ikkje dei som går på kino over heile landet, få sjansen til å lesa nynorsk teksting?
Over ein tredjedel av alle kommunale kinoar i Noreg ligg i nynorskkommunar eller i språknøytrale kommunar med ein stor del nynorsk. Likevel er det nesten ikkje kinofilmar som vert teksta på nynorsk, viste ei sak i NRK 19. november.
Ingen krav om nynorsk
Det finst framleis ingen krav om nynorsk underteksting, korkje på kino eller i strøymetenestene.
Stortinget har vedteke at tilbydarar av audiovisuelle tenester skal bidra økonomisk til produksjon av norske audiovisuelle verk. Det har òg lenge vore krav om at alle filmar skal synstolkast. Men det er framleis ingen krav om nynorsk undertekst.
Fleire nynorskkommunar og kinoar i nynorskkommunar spør etter nynorsk undertekst. I NRK-saka seier Norsk Filminstitutt at distributørane ikkje kjem med nynorsktekst all den tid det ikkje er eit krav. Det viser at det er norske myndigheiter som må ta ansvar for norsk språk. Det er på høg tid å stilla språkkrav også i film- og seriebransjen.
Gode døme
I dag omset Førde kino omtalen av filmar til nynorsk, og gjer denne tilgjengeleg for andre kinoar i Noreg som ønskjer å nytta seg av det. Det er førebiletleg, men dette burde ikkje vera dugnadsarbeid. Strukturane for å gje tilgang til nynorsk tekst på kinofilm er på plass gjennom kinoane sine eigne system.
Platekompaniet og Christer Falck gjev ut “Norske filmklassikarar” på Blu-ray. Her er nesten alle filmane utgjevne med nynorsk undertekst. I eit intervju til Norsk Tidend, sa dei at dette var noko dei sjølve hadde sagt kjendest naturleg og at dei har ikkje fått ei einaste negativ tilbakemelding.
Vi meiner filmar som får distribusjon i Noreg, jamleg burde koma med teksting på nynorsk. Særleg er det viktig for dei filmane som blir synte til tusenvis av barn og unge i skulen, som får sjå film gjennom Den kulturelle skulesekken. Film er ei kulturoppleving i seg sjølv, men det er også viktig språkopplæring for barn og unge.
Språkmangfald er moderne
Det å ha fleire skriftspråk eller språk i eit land er ikkje eit særnorsk fenomen. I 2022 stilte styresmaktene i Spania krav om at strøymetenestene må levera innhald på baskisk, galisisk og katalansk. I Wales, som er om lag like stort som nynorsk i mengda brukarar, kjem det meir og meir innhald. Vi ser også at irsk-gælisk er på veg opp i populærkulturen.
Språklova slår fast at nynorsk og bokmål er likestilte skriftspråk, og at ein må setja inn særlege tiltak for å styrkja nynorsk, som er det minst brukte skriftspråket. Det er ingen grunn til at vi i Noreg skal vera mindre offensive enn Spania, Wales eller Irland.
Peder Lofnes Hauge,
leiar i Noregs Mållag