Beredskap blir nytt hovudmål i Nasjonal transportplan
Regjeringa vil styrkje transportsektoren ved krise, krig og ekstremvêr i ny nasjonal transportplan (NTP).
Ein «motstandsdyktig transportsektor» blir eit nytt mål i arbeidet med Nasjonal transportplan (NTP) for 2029-2040, skriv Teknisk ukeblad.
Det kjem fram av eit brev som Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har sendt ut, skriv dei.
– Noreg står i den mest alvorlege tryggingssituasjonen sidan andre verdskrigen. Derfor må vi prioritere det som er viktigast for å halde landet sikkert og trygt, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) til Teknisk ukeblad.
Det nye målet inneber mellom anna å handtere og førebyggje alvorlege hendingar. Nygård seier dette kan vere naturhendingar og pandemiar, men også tilsikta hendingar som sabotasje eller angrep.
Han seier transportsektoren speler ei sentral rolle i totalforsvaret.
Nasjonal transportplan blir revidert kvart fjerde år, og gjeld for tolv år om gongen framover. (©NPK)