Vestland Venstre har fått ny leiartrio
I helga har det vore fylkesårsmøte i Vestland Venstre i Florø. Under årsmøtet vart Torstein Tvinnereim frå Stryn valt som leiar og går dermed inn i sitt tredje år som leiar for fylkeslaget til Venstre.
Det skriv Vestland Venstre i ei pressemelding.
- Kring 100 delegatar var samla i Florø for å avhalde fylkesårsmøte. Florø ligg i eit av Venstre sine beste distrikt når det gjeld oppslutnad på lokalval. Kinn, Stad, Fjaler, Stryn, Sunnfjord og Askvoll plasserte seg frå rett i underkant av 10% til godt over i sist kommuneval. Bremanger toppa dette med over 20% på lokalvalet. Godt over det som vart resultatet for partiet ved sist stortingsval. Det var derfor ei engasjert forsamling som no ser fram til lokalval og gode resultat både i gamle Sogn og Fjordane og resten av Vestland, heiter det i pressemeldinga.
Under årsmøtet vart Torstein Tvinnereim, Stryn Venstre, samrøystes valt som leiar. Med seg som nestleiarar får han Ingrid Nergaard Fjeldstad, Bergen og Guro Svenkerud Fresvik, Ullensvang.
Styret består elles av Gunhild Berge Stang, Fjaler, Jens Håkon Birkeland, Voss, Eskil Smelvær, Kinn og Øyvind Vik, Bergen.
- Eg er takksam for tilliten eg har fått ved å få lov å ta fatt på mitt tredje år som leiar. Vestland Venstre har mange veldig flinke folk, og valkomiteen har gjort ein god jobb med å finne flinke folk elles i styret. I ei verd der dei illiberale kreftene ser ut til å vekse seg berre sterkare, er Venstre viktigare politisk enn nokon gong. Vi må løfte vårt sosialliberale verdigrunnlag fram. Ta vare på naturen, legge til rette for eit framtidsretta næringsliv, syte for at barn og unge får best mogleg oppvekstvilkår, og ikkje minst vere den viktige stemma Venstre skal vere for dei som har det ekstra utfordrande i samfunnet vårt. Venstre er også kulturpartiet framfor noko anna parti. Det blir viktig å halde fram med å legge til rette for at kulturen får gode kår og utviklingmoglegheiter, og at frivilligheita framleis kan gje gode tilbod i heile landet., seier Torstein Tvinnereim.