Tida for omkampar er over
To fredagar på rad har Firda Tidend på leiarplass sett lys på samferdsel. Det er veldig bra at avisa finn plass til eit så viktig tema som samferdsel. Problemet er at analysane ikkje held mål.
Det er utan tvil behov for store samferdselsinvesteringar på heile Vestlandet. I mange år har fogderi og fylke krangla om prioriteringar og traseval. Samtidig har dei store vegmidlane kome på austsida av fjellet. Når Firda Tidend i praksis tek til orde for ein omkamp om trasevalet på E39, kjem dei med ei gåvepakke til andre deler av landet. Skal vi få til svært viktige satsingar framover, må Vestlandet samle seg. Sjølv om Firda Tidend opphavleg ønskte seg eit anna traseval bør dei ikkje ta til orde for omkamp. Det er ingenting i vegen for å vere positiv til både ferjeavløysing på Anda-Lote og tunnel gjennom Utvikfjellet og indre trase.
For det andre er det skuffande at avisa ikkje har større vyar for samferdselsinvesteringar på Vestlandet. I leiarartikkelen sin fredag 6. mars skriv dei at «Tida for luftslott er over». Problemet med den konklusjonen er at ingen av prosjekta på Vestlandet er luftslott. Det handlar berre om kor villig ein er til å satse på samferdsel.
I alt for mange år har både media og politikarar akseptert det låge ambisjonsnivået på samferdsel. Etter at Støre-regjeringa kom inn i 2021 har samferdselsbudsjettet vorte redusert med milliardbeløp kvart einaste år, samtidig som byggekostnadane har eksplodert. I Sogn og Fjordane er det ikkje bygd ein einaste meter ny veg, og planlegginga av fleire viktige prosjekt har stoppa opp. Det treng ikkje vere slik. Det er mogleg å prioritere samferdsel høgare, som til dømes under den borgarlege regjeringa då samferdselsbudsjettet mellom 2014 og 2021 vart dobla.
Firda Tidend har sjølvsagt rett i at vi må prioritere mellom dei store samferdselssatsingane framover. Det betyr likevel ikkje at det er prosjekta på Vestlandet som skal prioriterast ned. Dei store prosjekta i vårt område, både Hordfast, bru over Nordfjorden og Møreaksen, er nokre av dei få lønnsame samferdselsprosjekta i heile landet.
Eg trur politikarane var modigare før. Til dømes når Stortinget i 1894 vedtok bygging av Bergensbanen, med ein samla kostnad på eit heilt statsbudsjett. Firda Tidend ville heilt sikkert karakterisert prosjektet som eit luftslott. Kong Haakon omtalte det under opninga som «vårt slektledds storverk».
Gul midtstripe på E39, lønnsame ferjeavløysingsprosjekt og skikkelege vest-aust samband er ikkje luftslott. Det er faktisk heilt grunnleggande infrastruktur som burde vore på plass for lenge sidan. Tida for omkampar, fogderistrid og manglande samferdselsvyar må vere over. Vestlandet må samle seg og jobbe for framtidsretta vegsatsingar, også dei store prosjekta som reduserer reisetida dramatisk. Kanskje kan det vere vårt slektledds storverk?
Elias Eide, Skei i Jølster,
fylkestingsrepresentant for Høgre