Vestland fylke vil få fleire unge til valurnene
Berre 45,5 prosent av vestlandsungdom i alderen 20–24 år stemde ved fylkestingsvalet i 2023. Vestland fylkeskommune vil snu utviklinga og jobbar no med å lage eit demokratiprosjekt som skal auke valdeltakinga blant unge til fylkestingsvalet neste år.
Eit samla fylkesting i Vestland vedtok i 2024 at fylkeskommunen skal gå i front og setje i gang eit demokratiprosjekt med mål om å få fleire til å stemme ved framtidige val. Bakgrunnen er store skilnader i valdeltaking mellom ulike aldersgrupper.
Ved fylkestingsvalet i 2023 var valdeltakinga i fylket samla sett 60,9 prosent, og høgast i landet. Samstundes stemde berre 45,5 prosent av dei unge i alderen 20–24 år. Dette er såkalla andregongsveljarar, og det er særleg dei fylkeskommunen ønskjer å nå.
Asle Fossum er tilsett som prosjektleiar for demokratiprosjektet. Han er utdanna statsvitar og kjem frå stillinga som avdelingsleiar ved Kleppestø ungdomsskule.
– Dette er den mest spennande jobben i regionen akkurat no. Eg kan ikkje sjå for meg noko meir meiningsfullt enn å få jobbe med korleis vi kan styrkje den demokratiske beredskapen i den tida vi lever i, seier Fossum i ei sak på nettsidene til fylkeskommunen.
Fram mot valet neste år skal prosjektet jobbe tett med dei vidaregåande skulane i Vestland og med Vestland ungdomsutval. Mellom anna vil prosjektet vere til stades når Fylkesting for ungdom går av stabelen i 14.-16- mars, der over 50 ungdomar frå 29 kommunar i Vestland er samla. (©NPK)