
Gondolen skal bli eit pluss for både bygda og naturen
Vi må ikkje velje mellom urørt natur og utvikling. Med gondolen kan vi samle ferdsla, skjerme sårbare område, og samstundes skape arbeidsplassar og framtidstru i Sunnfjord.
Eg har lese innlegget frå Leif Kapstad og Odd Skrede med respekt. Dei set ord på spørsmål nok mange har, og det er bra vi får ein open diskusjon. Eg vil her forklare litt meir om kva vi ønskjer, og kvifor vi trur gondolen vil vere eit pluss for både bygda og naturen.
For det første er det heilt rett at Sunnfjord kommune har store oppgåver innan omsorg, skule og vegar. Men gondolen konkurrerer absolutt ikkje med dette. Prosjektet er eigd av grunneigarar, næringsdrivande og eldsjeler i bygda. Kommunen er berre med som ein liten medeigar, fordi dei ser at dette kan gi fleire arbeidsplassar og meir aktivitet lokalt. For kommunen skal det kun vere oppside i prosjektet økonomisk, med blant anna fleire nye arbeidsplassar og meir skatteinntekter.
Utvikling på naturen sine premissar
Eg forstår òg godt at mange er uroa for kva gondolen kan bety for Kjøsnesfjorden og Lundebotn. Det er ei perle, og nettopp difor har vi lagt opp til å gjere inngrepa så små som mogleg.
Nedre stasjon er planlagt ved riksvegen, som eit bygg i tre og stein som glir inn i landskapet. Der kan folk gå på gondolen, men vi ser òg føre oss eit møtepunkt for bygda – med lokal mat, handverk, utstillingar og aktivitetar for både skuleklassar og tilreisande. På toppen blir det éi enkel plattform, ikkje større enn ein einebustad. Ingen restaurantar, ingen nye vegar. Og toppstasjonen ligg utanfor nasjonalparken. Vidare ferdsel på breen blir berre med guida turar.
Jostedalsbreen er under press. Nettopp derfor trur vi det er rett å gjere breen tilgjengeleg på ein klok og trygg måte. Med gondolen kan folk kome tett på breen – men kontrollert. Med heilårsturisme kan vi òg fordele trafikken betre, og gi bygda fleire stabile arbeidsplassar.
Gondolen gir òg spektakulær utsikt over heile fjellheimen, og stasjonen i bygda blir ein møteplass i seg sjølv. Dermed har tilbodet verdi også om breen endrar seg over tid. Erfaringane frå skiheisen på Folgefonna er difor ikkje overførbare, slik Kapstad og Skrede skriv. Der var drifta heilt avhengig av snø, medan vårt prosjekt byggjer på heilårsturisme og breie opplevingar.
Bygda treng fleire bein å stå på
Vi veit at erfaringane frå andre stader er delte. Romsdalsgondolen har hatt sine utfordringar, medan Loen på si side har vist kor mykje positivt ein gondol kan skape for handel og arbeidsplassar. Vi lærer av begge. Like viktig er at vårt prosjekt ikkje skal vere ein kopi. Gondolen i Lundebotn må vere tilpassa vår natur, vår bygd og våre behov.
Vi ligg midt i ein av Noregs mest besøkte reisemålsregionar. Berre i Sogndal og Sunnfjord var det over 420 000 gjestedøgn i 2022, og cruise til fjordane rundt trekkjer over ein halv million. Det seier noko om potensialet som ligg rett framfor oss. Samstundes må vi vere ærlege på det bildet vi ser i bygda vår: tomme fjøs, færre elevar og ungdom som flyttar ut.
Ei av dei største moglegheitene til å snu dette ligg rett utanfor stovedøra vår. Med gondolen kan fleire stoppe, ete på restaurantane, handle i butikkane og kanskje overnatte. Menon har rekna ut at dette kan gi 30 000 nye gjestedøgn, turistforbruk på over 100 millionar kroner årleg og rundt 90 arbeidsplassar – mange av dei heilårsjobbar. Viktigare enn desse tala er at vi kan gi ungdommen fleire grunnar til å kome heim att til bygda.
Ja, vi har fått mange merknader. Det er heilt naturleg i eit stort prosjekt. Vi tek alle innspel på alvor, og jobbar no med å styrke kunnskapsgrunnlaget om natur, kulturmiljø, trafikk og tryggleik. Vi klargjer til dømes kor avgrensa prosjektet faktisk er, med små bygg utanfor nasjonalparken og samla ferdsel. Vi ser òg grundigare på randsona og effektar på sårbare naturtypar, og samarbeider tett med Statens vegvesen om trafikk og parkering.
Vi har heller ikkje hastverk. Difor oppdaterer vi rapportar og skjerpar beskrivingar, slik at politikarane får eit solid grunnlag for sine vedtak. Målet er det same heile vegen: å skape ei trygg og skånsam løysing som tek vare på naturen, gir nye bein å stå på og løftar både Sunnfjord og regionen rundt.
På vegner av styret i Jostedalsbreen AS,
Nils Arne Dvergsdal, styreleiar