Kjøsnesfjorden sett frå Tverrfjellet.

Gondol i Lundebotn og Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune har store økonomiske utfordringar. Kommunen må t.d. bygge nytt omsorgssenter i Førde til ein kostnad på om lag ein halv milliard kroner for å stette behovet i nær framtid. Skal ein då bruke økonomiske og administrative ressursar på eit prosjekt som dei fleste ikkje vil ha?

Urørt er Kjøsnesfjorden og Lundebotn ei naturoppleving i verdsklasse. Eit slikt fyrtårn for reiselivet bør ikkje øydeleggast med eit stort gondolanlegg nede i botn og oppover langs fjellsida.

Leif Kapstad.

Kva vert mest verdifullt og berekraftig i framtida? Rein natur eller natur som vi menneske har tukla med? I Statistisk sentralbyrå kan vi lese at minst 80% av folket i verda bur i byar og tettstader. Dette er også tilfelle i Noreg. Trenden er framleis aukande sentralisering. Kva trur ein at desse innbyggjarane som i hovudsak kjem frå nedbygd natur og forureina byar, vil ha som naturoppleving? Desse reisande er mest truleg opptekne av kontrasten til det urbane og forureina livet på heimstaden.

Med dagens utsleppstempo av luftforureinande stoff, vil den globale oppvarminga føre til at Jostedalsbreen vil miste størstedelen av volumet i løpet av om lag 80 år. Då er breen bak Tverrfjellet mest truleg borte. Kven skal rydde opp etter at eit slikt anlegg vert lagt ned pga. sviktande inntekter eller av anna årsak? Ullensvang kommune i Hardanger har alt fått kjenne på dette. Der har grunnlaget for skiheisen på Fonna alt smelta vekk.

Odd Skrede.

I Sunnmørsposten skriv Stein P. Aasheim den 5. september i år artikkelen: «Romsdalsgondolen – til skrekk og advarsel». Etter hans meining har gondolen ikkje hatt dei positive verknadene på turismen og inntektene som ein hadde sett føre seg. Det vart ikkje det fyrtårnet som ein trudde. Tvert imot vil ein slik gondol føre til at turistane "hastar" gjennom bygda etter at dei har teke turen opp og ned. Om vinteren er denne gondolen for det meste stengt.

I nord kjem turistar frå heile verda for å oppleve noko so enkelt som midnatt-sol og nordlys. Dei spør ikkje etter gondolbaner.

Gondolplanane i Lundebotn har vore ute på høyring. I Firda den 20.08.25 skriv Hege Lothe og Åsmund Bertelsen at det har kome inn om lag 350 høyringsinnspel. Av desse er det berre 30 personar og ein organisasjon som uttaler seg positivt. Nasjonalparkstyret vender tommelen ned.

Statsforvaltaren og Statens vegvesen har levert inn motsegn. Fylkeskommunen synest heller ikkje å vere positive. Dei har avslått ein søknad om eit tilskot på ein million kroner til prosjektet.

Vi må no ta vare på våre evigvarande naturressursar og stoppe desse planane i tide. Berekraftig turisme krev færre naturinngrep og mindre forureining. Sunnfjord kommune har langt viktigare oppgåver å løyse i framtida, som utfordringar innan eldreomsorga, skulesektoren, vedlikehald av vegar og bygningar osv.

Leif Kapstad og Odd Skrede,

to samfunnsengasjerte pensjonistar som elskar naturen

Powered by Labrador CMS