Arnar Kvernevik

Drivstoffprisane må ned – men det må gjerast ansvarleg og i fellesskap

Drivstoffprisane må ned – men det må gjerast ansvarleg og i fellesskap.

For oss som bur i distrikta er bilen heilt avgjerande for kvardagen. Når drivstoffprisane blir så høge som no, slår det direkte inn i økonomien til folk og næringsliv.

Eg meiner det er riktig å vurdere tiltak som kan gi lettelse. Samstundes må vi unngå grep som skapar store hol i statsbudsjettet eller undergrev klimapolitikken.

Difor bør vi no sjå på konkrete og målretta tiltak, til dømes:

- Midlertidig reduksjon i veibruksavgifta i ein avgrensa periode

- Auka pendlarfrådrag, særleg retta mot distrikta.

- Kompensasjon til transport- og landbruksnæringa som er spesielt hardt ramma.

- Vurdere ordningar som skjermer dei med størst behov, framfor generelle og dyre kutt.

Men det er heilt avgjerande at dette ikkje blir eit politisk spel der tilfeldige fleirtal oppstår frå sak til sak.

Vi har ein budsjettavtale på Stortinget mellom Ap, SV, MDG, Raudt og Sp. Skal vi gjere endringar med store økonomiske konsekvensar, må det skje i fellesskap mellom desse partia. Det er slik vi sikrar både ansvarleg økonomistyring og føreseielege rammer.

Derfor meiner eg at det er å beklage at Senterpartiet går saman med Frp og KrF og sikrar fleirtal for at eit Høgre-forslag om avgiftskutt på diesel og bensin skal hastebehandlast av Stortinget.

Eg forventar at budsjettpartnarane no set seg saman og finn løysingar som:

- avlastar folk i ein krevjande situasjon

- tek omsyn til distrikta

- og samstundes står seg økonomisk og klimamessig over tid

Dette handlar om meir enn drivstoffprisar. Det handlar om tillit til politiske avtalar og ansvarleg styring av landet.

Arnar Kvernevik (Ap),

ordførar Gloppen

Powered by Labrador CMS