
Det finst ingen unnskyldning for å skyte mora frå kalven
Kvar haust ser vi morlause kalvar i vårt område i Kinn kommune. Dei vimsar i vegen, tydeleg forvirra og rotlause, dei går i hagane på ettervinteren og prøver å finne noko å ete, og om våren blir fleire kalvar funne døde. I fjor vinter blei ein liten morlaus kalv tatt i hus i Standal og forsøkt berga, men han døydde, som dei fleste andre morlause kalvar.
Ein må undre på om det er jegerar som skyt mora frå kalven i dette området, sidan vi kvart år ser morlause kalvar. Trafikken kan vere ein del av årsaka, men vi har ikkje registrert at det har vore påkøyrsler på denne strekninga. Det er om hausten vi ser desse forvirra kalvane som går åleine og leitar etter mora, så det er mest sannsynleg jakta som er årsak til deira tragedie.
Kvar einaste av desse morlause kalvane er ein tragedie. Dei blir gåande åleine gjennom vinteren, eller så lenge dei klarer å overleve. Dei står åleine om natta, i mørke og regn, dei har mista tryggleik og livsvisdom og dei får problem med å ta til seg mat.
Kalven følgjer ofte bak mora i ein jaktsituasjon. Den kan vere så langt bak som 100 meter. Dermed kan jegeren tru at mora er utan kalv. Har ho mjølk i juret, er det ein kalv som går att åleine. Dette burde jegerane gjere sitt ytterste for å unngå. Skyt dei mora frå kalven, utset dei kalven for store og langvarige lidingar, og i dei fleste tilfelle ein vond død når vinteren eller vårknipa blir for hard.
Jegerar som har den minste omtanke for dyr vil la vere å skyte i ein situasjon der dei ikkje er sikre på om kolla har kalv. Dessverre tar ikkje alle slike omsyn. Desse øydelegg for andre jegerar, men det verste er dei store lidingane dei påfører kalvane.
Enda ein vinter må vi uroe oss for dei morlause kalvane vi har sett, og for alle andre morlause kalvar av hjortedyr andre stader i landet. Dette er ei sorg kvart år. No må jegerane slutte å påføre dyr slike lidingar. Det finst ingen unnskyldning for å skyte mora frå kalven.
Jenny Rolness,
Dyrenes Rett