Glopparen Sandra Tenud er medlem i AUF sitt sentralstyre. Foto: Torbjørn Vereide.

Ja til Pride i skulen!

Publisert

Mange hugsar seksualundervisninga frå skulen. Endå fleire har truleg fortrengt ho.

 Eg hugsar godt då vi på ungdomsskulen lærte om skeive ein gong. Vi lærte at homo kjem frå gresk og betyr «det same som». Difor heiter det homofil. Det var omtrent det. 

Det er nesten komisk å tenkje tilbake på, men mest av alt er det trist. Vi var mange som hadde trengt vaksne som sa tydeleg at det finst mange måtar å vere menneske på. At det er heilt vanleg å vere LHBT+. Mykje har skjedd sidan då, men framleis veks barn og unge opp og føler seg utanfor. 

No har ein og ein halv million kroner blitt gitt til spleisen «Behold Pride i skulen» på rekordfart. Pengane skal gå til arbeid for meir kunnskap, tryggleik og inkludering på skulane våre. Når nokon prøver å gjere regnbogeflagget til eit problem, svarar vi med å stille opp for barna som treng flagget for egen tryggleik.  

Kvart år kjem dei same usanne og konspiratoriske påstandane tilbake. At barn må skjermast. At Pride er for politisk. At skulen ikkje skal ta stilling. Men sanninga er at skulen tek stilling til politiske tema kvar einaste dag. Den tar stilling til demokrati, likestilling og respekt for menneskeverdet. Det står i læreplanane, og difor har Barneombodet vore tydelege på at regnbogeflagget høyrer heime på skulane i juni. 

Når eit prideflagg blir rive ned eller sett fyr på, burde det vere enkelt å vite at det er dei som brenner flagg som er problemet. Samstundes ser vi at mange skeive framleis møter hets, fordommar og utestenging. Difor er svaret mer kunnskap og større åpenhet, ikkje mindre. Når barn lærer at menneske kan vere ulike og likevel ha den samme verdien, legger vi grunnlaget for eit tryggere og meir inkluderande samfunn.

Til deg som seier at du ikkje har noko imot skeive, men er skeptisk til Pride i skulen: Hugs at denne debatten ikkje berre blir høyrt av vaksne i kommentarfelt. Ho blir også høyrt av barn i norske klasserom.

Skeive barn finst. Barn med skeive foreldre finst. Dei sit i norske klasserom akkurat no og høyrer vaksne si at dei er for mykje. At familien deira er for politisk. Om det bør vere lov å vise at dei er velkomne.

Det er ikkje Pride som gjer barn utrygge. Det er skamma, tausheita og kjensla av at noko ved deg er så kontroversielt at vaksne må ha årlege debattar om du skal få vere synleg.

Samtidig ser vi at hatet mot skeive hardnar til. I kommentarfelta, i sosiale medium og i politikken. Då kan ikkje svaret vårt vere mindre kunnskap, mindre synlegheit og meir stillheit.

Vi treng eit sterkare beredskap i befolkninga mot ekstremt hat. Vi treng fleire som seier ifrå når menneske blir gjorde til problem. Og vi treng ein skule som lærer barn at fridomen til å vere seg sjølv gjeld alle.

Pride i skulen handlar om at alle barn skal vite at dei er trygge, aksepterte og like mykje verdt.

Sandra Edith Kalland Tenud,

medlem av AUF sitt sentralstyre


Powered by Labrador CMS