Åtvarar mot kostbar tabbe

Måndag er siste frist for næringsdrivande og selskap til å levere skattemeldinga. Over 100.000 har enno ikkje levert, noko som kan koste dei dyrt.

Publisert

Totalt skal over 800.000 selskap og enkeltpersonføretak levere skattemelding i år. Skattedirektør Nina Schanke Funnemark åtvarar mot ei vanleg misforståing:

– Det er mange næringsdrivande som trur at dei ikkje skal levere skattemeldinga, fordi selskapet ikkje har hatt omsetning det siste året. Det er ei misforståing, seier ho i ei pressemelding.

Så langt har om lag 510.000 levert, og 180.000 har søkt om utsetjing. Det betyr at rundt 110.000 framleis ikkje har gjort nokon av delane.

– Du risikerer tvangsmulkt om du ikkje leverer eller søkjer om utsetjing innan fristen, understrekar Funnemark.

I fjor fekk over 30.000 næringsdrivande tvangsmulkt fordi dei ikkje leverte i tide.

Ein kan søkje om utsetjing til 30. juni, men søknadsfristen er også i dag. Rekneskapsførarar og revisorar kan søkje om 30 til dagars utsetjing på vegner av klientane sine. (©NPK)

Powered by Labrador CMS