Hallvard Viken forsvarer planane i Kjøsenesfjorden i dette innlegget.

Alle spelereglar er følgde i Kjøsnesfjorden

Åsmund Berthelsen har nyleg skrive eit lesarinnlegg i Firda der han skuldar dei som står bak gondolprosjektet i Kjøsnesfjorden for å snike det inn bakvegen. Dette er ein grov påstand. 

Prosjektet har vorte fremja av initiativrike jølstringar som ynskjer å skaffe arbeidsplassar og aktivitet i bygda, og som har følgt alle spelereglane som gjeld for lansering av slike prosjekt. Dei har dessutan lagt ned eit stort arbeid for å utforme tiltaket slik at det kunne bli godkjent hos styresmaktene. Dei har opptredd heilt ope om planane sine, og dei har møtt både mykje sterk støtte og motstand. Berthelsen viser til dei mange negative høyringssvara. Eg har lese alle, og det eg merka meg mest, var fleire titals heilt likelydande kopierte svar frå eit spesielt miljø i fylket. Det er rart at han tykkjer om ei slik mobilisering, og det er skuffande at han reagerer positivt på desse høyringssvara, og meiner dei skal vektleggjast så sterkt.

Tida går, seier Berthelsen, og han skriv at det vert brukt mykje tid og pengar som kunne vore brukt til anna som kunne utvikle reiselivet i Jølster.

Det er mange som gjennom åra har brukt både tid og pengar for å skaffe arbeidsplassar i reiselivet i bygda, og det har slett ikkje vore lett. No vil eg utfordre Berthelsen til å kome med sine forslag om korleis han vil medverke til eit lyft. Enn om han har eit prosjekt som er så lovande at han er villig til å bruke eigne sparepengar på det?

Eit optimistisk overnattingsprosjekt på Helgheim vart nyleg stogga av Statsforvaltaren, mellom anna fordi det ligg i eit jordbruksområde. Jølstringane var veldig skuffa, for dei veit det blir aldri meir jordbruksdrift på denne tomta. Eg har så langt ikkje lagt merke til noko engasjement frå Berthelsen for å få omgjort avslaget, men han vil kanskje gjere noko no?

Det faktum at Nikolai Astrup laga måleri i Jølster for over hundre år sidan, er etter mi meining ikkje noko sakleg argument for å gå imot gondolplanane. At Astruptunet no har fått ein høgthengande pris, er sjølvsagt positivt, og vil truleg trekkje litt fleire besøkande til tunet, men det bør ikkje stengje for eit framtidsretta, unikt næringsprosjekt langt frå Astruptunet.

Gondolbana vil bli ein internasjonal turistattraksjon i særklasse, som direkte og indirekte vil skaffe bygda mange nye arbeidsplassar. Det er trist at dette blir motarbeidd i så sterk grad av politikarar som vi trudde var interesserte i å prøve halde oppe og kanskje auke busetnaden i utkantane våre.

Gondolen i Loen er ein kjempesuksess, som har har gjeve reiselivet i heile regionen ein kraftig stimulans. Om alle dei optimistiske jølstringane lukkast med sitt prosjekt, vil Sunnfjord få eit kraftig lyft som turistkommune. Det vil Åsmund Berthelsen motarbeide, men det er heldigvis mange politikarar som ser verdien av dei arbeidsplassane eit slikt prosjekt vil skape i ein utkant av kommunen.

Hallvard Viken

 

 

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS