Det er 34 år sidan treårig lærarutdanning vart avvikla.

Stortinget sa nei til treårig lærarutdanning

Eit fleirtal på Stortinget har vendt tommelen ned for forslaget om treårig utdanningstilbod for grunnskulelærarar. Berre Senterpartiet og Raudt var for.

Publisert Sist oppdatert

Stortinget stemde over forslaget måndag.

— Eg opplever at enkelte parti stemmer mot fordi vi vil få mindre kvalifiserte lærarar. Men det vi foreslår, er eit alternativ for dei som ikkje er klare for ei femårig lærarutdanning, seier Erling Sande, som sit i Utdannings- og forskingskomiteen for Senterpartiet, til Khrono.

Medlemmene i komiteen frå Ap, SV og Venstre skriv i innstillinga si at dei tek rekrutteringsutfordringane i skulen på alvor, men meiner likevel at kortare lærarutdanning ikkje er vegen å gå for å møte kompetansebehovet som er i dagens skule.

I representantskapsforslaget i Stortinget foreslo Bengt Fasteraune, Erling Sande og Ole Herman Sveian, alle frå Senterpartiet, at det skulle kunne gjeninnførast eit treårig utdanningstilbod for grunnskulelærarar. Det er 34 år sidan treårig lærarutdanning vart avvikla. (©NPK)

Powered by Labrador CMS