Avgiftskutt, inflasjon og renter

Kvifor eg engasjerer meg i denne debatten

Som ordførar og medlem av Arbeiderpartiet er eg oppteken av å stå bak ein ansvarleg økonomisk politikk. Samstundes har eg eit like stort ansvar for å vere ein tydeleg stemme for innbyggjarane og næringslivet i kommunen vår.

Når folk opplever at kostnadene aukar raskt; på drivstoff, mat og andre nødvendige varer, så er det ikkje berre ein teoretisk diskusjon om økonomi. Det handlar om kvardagen til folk, om lønsemda i næringslivet og om livskrafta i distrikta.

Difor meiner eg det er både rett og nødvendig å delta i debatten om kva verkemiddel som faktisk verkar og om vi no brukar dei rette verktøya.

Rente, inflasjon og drivstofftiltak

Dei historiske samanhengane mellom rente, inflasjon og kronekurs viser éin ting tydeleg: renta blir normalt brukt som eit verkemiddel for å dempe etterspørselspress i økonomien. Når inflasjonen er driven av høg aktivitet og sterk etterspørsel, gir det god fagleg meining å stramme inn gjennom høgare rente. Men situasjonen vi står i no, er annleis.

Dagens inflasjon er i stor grad kostnadsdriven, ikkje etterspørseldriven. Prisveksten kjem i stor grad frå forhold utanfor norsk økonomi sin direkte kontroll; som internasjonale energiprisar, geopolitisk uro og globale leveranseproblem. Dette er ikkje eit resultat av at folk flest har fått betre råd og aukar forbruket.

I ein slik situasjon blir det eit grunnleggande spørsmål om verkemiddelbruken treff rett.

Å bruke renta for å dempe ein kostnadsdriven inflasjon kan få utilsikta effektar: Det reduserer kjøpekrafta ytterlegare for hushalda, det aukar kostnadene for næringslivet, som igjen kan bli velta over på prisane. Det kan i verste fall forsterke dei økonomiske utfordringane, utan å adressere årsaka til inflasjonen. 

Om avgiftskutt på drivstoff

Når staten reduserer avgifter på drivstoff i ein slik situasjon, er det ikkje nødvendigvis eit klassisk “stimulanstiltak” som aukar etterspørselen i økonomien. Det er i større grad eit avbøtande tiltak for å handtere eit kostnadssjokk.

Dette har fleire viktige sider: Det demp­ar direkte ein sentral kostnad for både hushald og næringsliv. Det kan bidra til å halde transportkostnader og dermed prisvekst nede. Det fungerer som ei fordeling av byrdene, der staten tek ein del av rekninga.

Alternativet er at heile kostnadsauken blir borne av forbrukarane, gjennom høgare prisar, næringslivet, gjennom svekka lønsemd og distrikta spesielt, der transport er ein stor del av kvardagen. 

Vil dette presse renta opp?

Argumentet frå klassisk makroøkonomi er at redusert avgift kan gi auka aktivitet og dermed presse inflasjonen opp – og slik føre til høgare rente.

Men dette føreset at tiltaket faktisk aukar etterspørselen vesentleg. I dagens situasjon er det meir treffsikkert å sjå dette som eit tiltak som reduserer eksisterande kostnadsnivå, ikkje aukar etterspørselen.

Tiltaket kan ha ein direkte inflasjonsdempande effekt sidan lågare drivstoffpris slår rett inn i KPI.

Dermed er det langt frå opplagt at slike tiltak isolert sett vil føre til renteauke.

Kva seier historiske data om kronekursen?

Enkelte samfunnsøkonomer peiker på at høgare rente vil påvirke kronekursen. Høg kronekurs vil kunne dempe prisen på importerte varer. Ser vi på utviklinga over fleire tiår, er det lite som tyder på ein enkel og direkte samanheng mellom kronekurs, rente og inflasjon.

Kronekursen har i periodar svekka seg både når renta har vore låg og når renta har vore høg. Tilsvarande har inflasjonen variert utan at dette gir ein stabil og føreseieleg effekt på kronekursen. Dette tyder på at kronekursen i stor grad blir påverka av andre forhold, som utviklinga i olje- og energiprisar, internasjonal uro og kapitalstraumar, forventningar til norsk økonomi.

Poenget er at ein ikkje kan legge til grunn ein enkel modell der lågare avgifter fører til høgare inflasjon fører til svakare krone fører til høgare rente. Verkelegheita er meir samansett.

Ei meir nyansert tilnærming

Den økonomiske politikken må ta utgangspunkt i kva slags inflasjon vi faktisk har. 

Ved etterspørselsdriven inflasjon er rente eit effektivt verkemiddel. Ved kostnadsdriven inflasjon er målretta tiltak på kostnadssida meir treffsikre. 

Det betyr ikkje at ein skal ignorere risikoen for overoppheting. Men det betyr at ein må unngå ein mekanisk bruk av renteverkemiddelet, utan å ta omsyn til årsakene bak prisveksten.

Det prinsipielle spørsmålet

I botnen ligg eit politisk val: Skal staten i større grad bidra til å jamne ut ekstraordinære kostnadssjokk, eller skal rekninga i hovudsak bli sendt vidare til hushald og næringsliv?

Historisk har vi i Noreg hatt ein modell der staten nettopp spelar ei slik rolle – særleg i møte med svingingar i energi- og råvareprisar. Det er etter min meining rett at staten tek ein del av rekninga gjennom bruk av Statens pensjonsfond utland, ikkje gjennom andre budsjettkutt som får negativ betydning for velferda. 

Det er ikkje eit brot med ansvarleg økonomisk politikk. Det er ein del av han, når verkemidla blir brukte med presisjon. Eg håpar at samarbeidspartia på Stortinget; AP, SP, SV, R og MdG tek inn over seg denne verkeligheita når dei snart skal ta til på arbeidet med revidert nasjonalbudsjett.

Arnar Kvernevik (Ap),

ordførar Gloppen

Powered by Labrador CMS